Stykket er ordrikt og tidvis ein skakande monologvevnad om krisehendingar.
Skodespelarane Amell Basic, Sara Khorami og Marie Blokhus er aldri i dialog med kvarandre.
Foto: Dag Jenssen
Teater
Det Norske Teatret, Scene3:
Det har visst vore ein episode
av Chris Thorpe
Omsett av Marita Liabø
Regi: Peer Perez Øian
Dramaturg: Ola E. Bø
Komponist: Ole Alexander Halstensgård
Det kan av og til sjå ut til at den nye scenedramatikken, skodespelet for vår tid, gradvis vender seg bort frå å fokusere på rollefigurar og dialogar. I sesongens første produksjon på Det Norske Teatret er vi i alle høve svært langt frå det ibsenske stovedramaet. Britiske Chris Thorpes’ stykke som på norsk heiter Det har visst vore ein episode, er ein tekst som like gjerne kunne ha vore ein prosatekst for lesing, sjølv om han prinsipielt har fire karakterar som talerøyr. Dei er berre aldri i dialog med kvarandre, og så stiliserte som dei er framstilte, veit vi aldri om dei i røynda går inn for å framstille heilskaplege personar. I vekslande monologparti har dei likevel kvar si historie å fortelje, ikkje alltid like narrativt glasklårt, men med til tider skarpe og sterke skildringar av vald, terror og ulukke.
Framandhat
Det som først og fremst gjer stykket utfordrande, er dei knallharde utsegnene om framandhat, om det gamle Europa som er trua, og dei såkalla «naudsynte» terrorhandlingane, utsegner som kryp ubehageleg inn i hovudet på oss og mest gjev oss trong til å hoppe ned på scena og gå inn i diskusjonen. Teater vender seg i hovudregelen til eit pent og pynteleg publikum; her vert det sagt ting som vi åskodarar kan hende ikkje får høyre så mange andre stader. Samstundes er det òg ei historie om eit menneske som er om bord i eit fly på veg mot naudlanding. Situasjonane er så ulike, men dei har det til felles at dei undersøker tilhøvet mellom overtyding og praksis. Kva er det vi ønskjer vi ville gjere i ein krisesituasjon, og kva er det vi omsider gjer?
Krevjande
Som antyda er den dramaturgiske uttrykksforma krevjande, så lenge personane berre snakkar med seg sjølve, og det delvis tek tid før vi kan plassere dei i tid og stad. Det fører til at delar av framsyninga vert ordrik og ufokusert. Men den distanserte framstillinga av grufulle og traumatiske hendingar gjev det heile, på sitt beste, både eit stautt alvor og ein underleg poetisk dimensjon, som kan minne om mørkret i nokre av skodespela til Harold Pinter og Jean Genet. Skodespelarane Marie Blokhus, Amell Basic og Sara Khorami leverer alle med fint avvege nærvær.
Meldinga er skriven på grunnlag av generalprøven.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Her vert det sagt ting som vi kan hende ikkje får høyre så mange andre stader.
Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.