Supergruppa vi treng
Julien Baker, Phoebe Bridgers og Lucy Dacus har laga nok ei plate saman som Boygenius.
Lucy Dacus (t.v.), Julien Baker og Phoebe Bridgers utgjer Boygenius.
Pressefoto
Rock
Boygenius:
The Record
Interscope / Universal
Vil du verte ein satanist i lag med meg? Ein anarkist? Ein nihilist? Å karikere intens ideologisk overtyding, villfaren eller ikkje, på nokre verseliner, er ikkje enkelt. Men i «Satanist» får Boygenius det til. Lureri er lureri, uansett kven det er som lokkar med gulrota.
Kven er Boygenius? Eg har skrive om både Julien Baker, Phoebe Bridgers og Lucy Dacus – som utgjer trioen bak namnet – på desse sidene fleire gonger før. Det dreier seg om tre markante låtskrivarar og artistar, alle i siste halvdelen av tjueåra, som dei siste åra kvar for seg har meisla ut sine distinkte uttrykk med framifrå plater.
Eit par år har gått sidan det førre albumet til Dacus, Home Video (2021), og den siste utgivinga til Bridgers, Punisher (2020), har eg vendt tilbake til med jamne mellomrom i åra som har følgt.
Musikalsk vennskap
Boygenius fekk utpå nyåret prege omslaget på Rolling Stone, der dei vart kalla «the supergroup we need», og dei som kom seg forbi den glamorøse magasinframsida og tok seg tid til å lese intervjuet Angie Martoccio hadde gjort med bandet, fekk høyre om eit musikalsk samarbeid der vennskap, snarare enn karrieretenking, har vore motiverande – ein samtale som elles vitnar om ein herleg sans for humor hos alle tre. Verken Baker, Bridgers eller Dacus tenkjer på seg sjølv som sjef, strukturen er flat, og på The Record utfyller dei kvarandre, slik at kvar og ein får stå fram med sin største styrke.
Dacus lagar smarte, kontante låtar med spiss, Bridgers er ganske gjennomgåande mjukt melankolsk, og Baker skjer gjennom med ein vokal som køyrer deg i senk. Det var då dei turnerte saman i 2018 at dei bestemte seg for å lage ein song i lag, og enda opp med ein heil EP med seks spor. Alt den gongen kjendest det som om musikken kom frå ei sams kjelde, snarare enn eit delt, konstruert utgangspunkt.
Variasjon i gemytt
Slik er det også i aller høgste grad med The Record, som er prega av ei felles evne til å løfte fram kvalitetane til kvarandre. Dei tre byr også på fleire intrikate referansar til kvarandre sin katalog.
Og apropos referansar er det vanskeleg ikkje å falle for songen som rett og slett har fått tittelen «Leonard Cohen», der det heiter (med peik mot artistens mykje siterte tekst til «Anthem» (1992)): «Leonard Cohen once said there’s a crack in everything/ that’s how the light gets in/ and I am not an old man having an existential crisis/ in a Buddhist monastery/ writing horny poetry/ but I agree.»
Variasjonen i gemytt er smart teken vare på i overgangen i anslaget, frå a cappella-opninga «Without You Without Them» over til den kontante rockaren «$20» og vidare inn i den kviskrande Bridgers-tristessen «Emily I’m Sorry». Summen er endå betre enn dei så utruleg gode delane på The Record, som alt høyrer til mellom årets beste plater.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.
Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.
Foto: Heiko Junge / NTB
Jordskjelvet
Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.
Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.
Foto: Heiko Junge / NTB
Moralske kvalar
Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.
Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.
Foto: Paul Kleiven / NTB
Villrein i eit villnis
Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.
Edvard Munch: «Dagen derpå» (1894).
Nasjonalmuseet
Bakrus
Verst er plagene utpå morgonkvisten når promillen ligg kring null.