Bok
Møte mellom biletkunst og poesi
Boka er litt for ujamn, men når ho glimtar til, er ho ganske god.
Ut pictura poesis, «som målarkunsten så òg poesien», seier Horats i Om diktekunsten. Og det er eit synspunkt som har mykje for seg, for båe kunstformene arbeider med bilete. Biletkunsten med fysiske, taktile bilete, diktekunsten med språklege bilete, fyrst og fremst metaforar.
Dikta i samlinga Ekfraser fra Nasjonalmuseet stammar opphavleg frå ei spalte i Bokvennen litterær avis som Strømmen og Mossefinn redigerte, der ei rekkje lyrikarar vart inviterte til å skriva om verk i samlinga til Nasjonalmuseet. Boka femnar om tjue poetar, og tel mellom anna veteranar som Erling Kittelsen, Karin Haugane og Wera Sæther.
Konturlaust
Steinar Opstad har teke for seg eit verk av Michelangelo Pistoletto, «Farens ramme» (1982). Det er tydeleg at Opstad grip fatt i tittelen, og spinn vidare på den i dialogen med biletet: «Hver dag har sitt dødsøyeblikk/ og det gjelder å bli stående foran speilet/ til ansiktet blir ugjenkjennelig/ Jeg fatter, jeg blir ikke faderløs i dag heller.»
Det er noko vagt og uskarpt konturlaust over desse linene som mimar det vage og konturlause i biletet til Pistoletto. Her har Steinar Opstad intuitivt gripe noko essensielt ved kunstverket, og det er nok helst det ekfrasar, skrift om kunsten, skal gjera.
Åndeleg slektsskap
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.