Slag i slag
Barry Levinson tyr til traust stil i filmen om mannen som boksa seg ut av Auschwitz.
Ben Foster spelar hovudrolla som boksaren Harry Haft.
Foto: Another World Entertainment
Drama
Regi: Barry Levinson
The Survivor
Med: Ben Foster, Vicky Krieps, Billy Magnussen
Kinofilm
Den polske jøden Hertzko Haft (Foster) overlevde Auschwitz fordi han underheldt soldatane med å bokse mot andre fangar. The Survivor byrjar i USA etter krigen.
Haft heiter Harry og vil bokse mot Rocky Marciano i von om at kjærasten, som forsvann i krigen, skal lese om det. Samstundes gryr forholdet til Miriam (Krieps), som jobbar med å kartlegge overlevande.
Standard
Åttiåringen Barry Levinson er kjend for suksessar som Rain Man og Good Morning Vietnam. Han har få nye triks i ermet i The Survivor. Stilen er frå USA. Melodramatisk musikk av Hans Zimmer, sakte film, romantikk, infotekstar, unaturleg mykje engelsk og karikerte tyskarar er typiske trekk.
Replikkane kjennest kjende, anten temaet er religion, forhold eller minne. Men filmen får fint fram trauma Haft har. Daglege detaljar kan gje angstanfall. Levinson hamrar inn at historier ikkje er svartkvite. All ære til han for å unngå ei heltehistorie.
Solid mørke
Ben Foster liknar litt på Robert de Niro i hovudrolla, utan å nå same høgdene. Luxemburgske Vicky Krieps er som vanleg framifrå. Elles får vi fine gjensyn med folk som Danny de Vito, John Leguizamo og Paul Bates. Handverket er bra. Tilbakeblikka i svartkvitt byr på slåande bilete av ein utmagra Haft i bokseringen. Endelaus vondske får fram kjensler, men The Survivor pløyer ikkje ny mark blant filmar baserte på sanne hendingar frå den andre verdskrigen.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Drama
Regi: Barry Levinson
The Survivor
Med: Ben Foster, Vicky Krieps, Billy Magnussen
Kinofilm
Den polske jøden Hertzko Haft (Foster) overlevde Auschwitz fordi han underheldt soldatane med å bokse mot andre fangar. The Survivor byrjar i USA etter krigen.
Haft heiter Harry og vil bokse mot Rocky Marciano i von om at kjærasten, som forsvann i krigen, skal lese om det. Samstundes gryr forholdet til Miriam (Krieps), som jobbar med å kartlegge overlevande.
Standard
Åttiåringen Barry Levinson er kjend for suksessar som Rain Man og Good Morning Vietnam. Han har få nye triks i ermet i The Survivor. Stilen er frå USA. Melodramatisk musikk av Hans Zimmer, sakte film, romantikk, infotekstar, unaturleg mykje engelsk og karikerte tyskarar er typiske trekk.
Replikkane kjennest kjende, anten temaet er religion, forhold eller minne. Men filmen får fint fram trauma Haft har. Daglege detaljar kan gje angstanfall. Levinson hamrar inn at historier ikkje er svartkvite. All ære til han for å unngå ei heltehistorie.
Solid mørke
Ben Foster liknar litt på Robert de Niro i hovudrolla, utan å nå same høgdene. Luxemburgske Vicky Krieps er som vanleg framifrå. Elles får vi fine gjensyn med folk som Danny de Vito, John Leguizamo og Paul Bates. Handverket er bra. Tilbakeblikka i svartkvitt byr på slåande bilete av ein utmagra Haft i bokseringen. Endelaus vondske får fram kjensler, men The Survivor pløyer ikkje ny mark blant filmar baserte på sanne hendingar frå den andre verdskrigen.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Barry Levinson har få nye triks i ermet i The Survivor.
Håkon Tveit
Fleire artiklar
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.
Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters
Høgt spel i New York
Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?
Foto: The Right Frame Media / Shutterstock
E-tenesta ser deg
Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.