Riedel opp og i mente
Vellukka samansmelting av saksofontrio og strykekvartett.
Fredrik Lindborg Trio & String Quartet er ute med plate nummer to.
Foto Mikael Silkeberg
Jazz
Fredrik Lindborg Trio & String Quartet:
Riedel
Fredrik Lindborg, piano, Martin Sjöstedt og Georg Riedel (7), bass, Daniel Fredriksson, trommer, Daniel Migdal og Henrik Naimark Meyers, fiolin, Ylvali Zilliacus, bratsj og Amalie Stalheim, cello.
Imogena Records
Georg Riedel og familien flykta frå Karlovy Vary i 1938. Den korte soga er at han etter kvart blei ein leiande musikar i svensk jazzliv, der samarbeidet med Jan Johansson på Jazz på svenska er det ikoniske høgdepunktet. I tillegg er han òg ein folkekjær komponist som har sett musikk til filmar med Pippi Langstrømpe, Emil i Lønneberget og Alle vi barna i Bakkebygrenda.
Andre plata
På denne plata har Riedel komponert musikk spesielt for denne septetten. Dette er den andre plata til ensemblet. Den første plata A Swedish Portrait inneheldt musikk av barytonsakslegenda Lars Gullin. Riedel var eit naturleg steg nummer to. Dei åtte Riedel-komposisjonane har fått eit musikalsk apropos frå kvart av medlemene i septetten i tillegg til Riedel sjølv. Dette er korte manifestasjonar som anten legg seg tett opptil inspirasjonskjelda eller er meir musikalsk frittgåande.
Vakkert
Dette konseptet fungerer fint og aller best innleiingsvis med ein vakker cellosolo av Stalheim som fint går over i «Gullinarium». Her tek septetten ut heile potensialet i det musikalske idégrunnlaget. I mangel av akkordinstrument i ensemblet kjem strykekvartetten fint til sin rett, noko som på variert vis kjem fram i «Channánukka». Småpent heiter det på hoppspråket. Det uttrykket passar også her.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Jazz
Fredrik Lindborg Trio & String Quartet:
Riedel
Fredrik Lindborg, piano, Martin Sjöstedt og Georg Riedel (7), bass, Daniel Fredriksson, trommer, Daniel Migdal og Henrik Naimark Meyers, fiolin, Ylvali Zilliacus, bratsj og Amalie Stalheim, cello.
Imogena Records
Georg Riedel og familien flykta frå Karlovy Vary i 1938. Den korte soga er at han etter kvart blei ein leiande musikar i svensk jazzliv, der samarbeidet med Jan Johansson på Jazz på svenska er det ikoniske høgdepunktet. I tillegg er han òg ein folkekjær komponist som har sett musikk til filmar med Pippi Langstrømpe, Emil i Lønneberget og Alle vi barna i Bakkebygrenda.
Andre plata
På denne plata har Riedel komponert musikk spesielt for denne septetten. Dette er den andre plata til ensemblet. Den første plata A Swedish Portrait inneheldt musikk av barytonsakslegenda Lars Gullin. Riedel var eit naturleg steg nummer to. Dei åtte Riedel-komposisjonane har fått eit musikalsk apropos frå kvart av medlemene i septetten i tillegg til Riedel sjølv. Dette er korte manifestasjonar som anten legg seg tett opptil inspirasjonskjelda eller er meir musikalsk frittgåande.
Vakkert
Dette konseptet fungerer fint og aller best innleiingsvis med ein vakker cellosolo av Stalheim som fint går over i «Gullinarium». Her tek septetten ut heile potensialet i det musikalske idégrunnlaget. I mangel av akkordinstrument i ensemblet kjem strykekvartetten fint til sin rett, noko som på variert vis kjem fram i «Channánukka». Småpent heiter det på hoppspråket. Det uttrykket passar også her.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Janne Stigen Drangsholt er professor i engelsk litteratur ved Universitetet i Stavangar og har blant anna skrive fire romanar om Ingrid Winter.
Foto: Tommy Ellingsen
Smart underhaldning
Romanen som kom ut i vår, er den sjuande Lars Ramslie har skrive sidan debuten i 1997.
Foto: Bez
Det gode som han ville