Redd filmen!
Den sensurerte, bittersøte hyllinga av film frå ringreven Zhang Yimou kjem endeleg på kino.
Kinosjefen og den foreldrelause jenta kivar om å få hendene på filmrullen.
Foto: Another World Entertainment
Drama
Regi: Zhang Yimou
Ett sekunds lykke (Orig.tit.: Yi miao zhong)
Med: Zhang Yi, Liu Haocun,
Fan Wei
Kinofilm
Jiusheng (Zhang) er sliten og skiten der han halsar av garde under kulturrevolusjonen i Kina. Han ser den lurvete foreldrelause Liu (Liu) stele ei øskje med filmrull som skal bli vist lenger aust. Dei to kivar om å få hendene på celluloiden. Båe har sine grunnar. Når dei kjem til Eining 1, skal Herr Film (Fan) vise filmen Heroiske sønner og døtrer, men ein rull er krølla rundt i støvet. Heile den filmelskande landsbyen må i sving i von om å få sjå filmen.
Farleg film
Filmen vi ser, er fin og søt, men ikkje utan aroma av sviske, med melodrama, noko overspel, karikert skitne fjes og bustete hår. Visuelt er filmen enkel samanlikna med mykje av det Zhang Yimou har laga før, sjølv om vi finn vakre bilete frå ørkenen og flimrande filmrullar.
Frå den slåande vakre debuten Rødt korn (1988) via stilsikre drama som Bak den røde lykten (1991) og Shanghai-triaden (1995) nådde han populære høgder med storslagne actionpakka wuxia-filmar som Hero (2002) og Flyvende dolker (2004). Zhang er òg skuldig i storfilmen The Great Wall (2016), der Matt Damon var frontfigur for at Hollywood og Kina klødde kvarandre på ryggen.
Ett sekunds lykke forsvann i siste sekund frå programmet til Berlinalen i 2019, «av tekniske årsaker». Ingen trudde på den forklaringa. No er filmen truleg klipt om. I tillegg har dei fjerna namnet til forfattaren Yan Geling. Ho skreiv boka som var utgangspunkt for filmen.
Eg skulle likt å vite kva meir som forsvann i sensuren. Det som er att, ber heldigvis på ein klar sympati for offera for undertrykkinga frå 1960-talet. Dobbeltmoral er òg med. Utsegna til Herr Film har minst dobbel tyding: «Film gjer oss til betre menneske.» Dei sentrale figurane i Ett sekunds lykke er gode.
Kinoparadis
Jiusheng vil sjå filmavisa der dottera er med i nokre sekund. Han har rømt frå ein arbeidsleir for høvet. Liu vil hjelpe vetlebroren. Båe er lovbrytarar med hjarte av gull. Å stå utanfor er tungt. Den kollektive innsatsen står sterkt. Kinoscener der det kokar over og alle syng av full hals, er kjekke. Ei verd der kinomaskinisten er den store autoriteten i bygda fordi kan er god til å vise film, kan vi like.
Folk har sterk respekt og kjærleik for film. Det er meir enn ein kan seie om sensorane i Kina. Medkjensla for figurane, kjærleiken for film og nyfikne på kvar grensene går i kinesisk film om dagen, er gode grunnar til å sjå Ett sekunds lykke.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.
Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.
Foto: Heiko Junge / NTB
Jordskjelvet
Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.
Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.
Foto: Heiko Junge / NTB
Moralske kvalar
Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.
Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.
Foto: Paul Kleiven / NTB
Villrein i eit villnis
Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.
Edvard Munch: «Dagen derpå» (1894).
Nasjonalmuseet
Bakrus
Verst er plagene utpå morgonkvisten når promillen ligg kring null.