Rå romantikk
Den kannibalske romansen til Luca Guadagnino er vakker, vemmeleg og velkjend.
Timothée Chalamet som Lee og Taylor Russell som Maren i den nye Luca Guadagnino-filmen.
Foto: Yannis Drakoulidis / Metro Goldwyn Mayer Pictures film
DRAMA/SKREKK
Regi: Luca Guadagnino
Bones and All
Med: Taylor Russell, Timothée Chalamet, Mark Rylance
Kinofilm
Maren (Russell) slit med ein kolossal trong til å ete menneskekjøt. Det fører til leie situasjonar og brå flytteplanar. Ein dag stikk faren frå henne, og attenåringen sit att aleine. Litt om senn viser det seg at ho ikkje er den einaste med blod på tann. Ho støyter på kjekkasen Lee (Chalamet). Saman legg dei ut på ei reise der overleving og moral knivar. Farar lurar.
Gotisk gørr
Luca Guadagnino har hatt suksess med estetisk vellukka og populære filmar som Call Me by Your Name (2017) og Suspiria (2018). No tek han utgangspunkt i ein prisvinnande roman av Camille DeAngelis frå 2016. Regissøren har framleis ei stø hand. Alt ser flott ut: landskapa, kleda, kulissar og ljos.
Guadagnino tyr gjerne til det morbide. Somme scener får det til å vri seg i sjåaren. Kamera vik ikkje frå måltida. Groteske situasjonar og framandgjorde figurar gjev assosiasjonar til sørstatsgotikk, jamvel om handlinga skjer meir i rustbeltet. Det er ei dyster verd dei to ferdast i, nemleg USA på åttitalet.
Kjøt og kjærleik
Tidsbiletet bidreg til visuell stil og tematiske tolkingar. Tilliten er tynnsliten. Et eller bli eten, som dei seier. Ikkje at det har endra seg. Unge, rastlause, kule og vakre folk på farten i USA har sendt tankane til American Honey (2016) av Andrea Arnold. Også her er populærmusikken sterkt til stades utan å vere del av historia. New Order og a-ha er blanda lekkert med nyare tonar. Bones and All er meir lågmælt og sakte, trass i elementa av skrekk. Det blodige er ein premiss. Kjærleik og å finne seg sjølv er navet i denne romantiske roadmovien.
Superstjerna Timothée Chalamet gjer som vanleg ein god jobb, men Taylor Russell i hovudrolla glitrar. Ho imponerte i Waves (2019). Det uttrykksfulle andletet hennar er fullt av undring utan store fakter. Mark Rylance er stødig som den eldre kjøtetaren Sully. Figuren hans pirrar interessa i byrjinga, men fell hen til klisjear etter kvart. Manus er i det heile ikkje fritt for kjende trekk og tropar.
Julia Ducournau hadde ein freidigare og forfriskande variant av unge lovande kannibalar med moralske kvalar i debuten Raw (2016) før ho vann Gullpalma for Titane i fjor. Fanskaren til Guadagnino vil likevel setje pris på stilen i Bones and All. Filmen er nydeleg å sjå på, og eg lever meg inn i verda til Maren. Det er ikkje verst for ein så brutal affære.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Barnelege og stipendiat Joel Selvakumar er kritisk til fleire artiklar Dag og Tid har publisert om seinfølger av covid-19.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Einsidig om seinfølger
Risikoen for seinfølger etter covid-19 har falle dramatisk, og det er ikkje grunn til å tru at han aukar med gjentatte infeksjonar
Ameline med den fyrstefødde, Symra, i 2018.
Foto: Svein Gjerdåker
Dag og Tid-kua Ameline er daud
Ein morgon i mars låg Ameline daud i fjøset til Hilde og Lars Selheim på Voss.
Kjønnsfilosof Judith Butler
Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB
Feltnotat frå kulturkrigane
Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt.
Austad kyrkje, som no er stengd.
Foto: Olav Grendstad
Kyrkjeforvirring i Bygland
Bygland er ein kommune på Agder. Han har under 1200 innbyggarar, og det har vore minkande folketal i mange år. Men noko vert det ikkje færre av: kyrkjebygg.
På vei opp til Himmeltinden, Vestvågøy i Lofoten.
Foto: Pernille Ekornrud Grøndal
Friluftslivsparadokset
Det norske friluftslivet har vorte kommersielt. Kan vi sjå føre oss eit meir nøkternt alternativ?