Bok
Poesi som terapi
Draum og dikting høyrer tett saman, og draumen er eit topos hjå Arne Ruset.
Arne Ruset har skrive bøker i fleire sjangrar: lyrikk, barnebøker, noveller og ein roman.
Foto: Solum Bokvennen
Dikt om sjukdom har ein lang tradisjon i norsk lyrikk. Tenk berre på den lyriske bløminga til Henrik Wergeland etter han vart alvorleg sjuk, og store dikt som «Til min Gyldenlak» og «Paa Sygelejet»: «Det Iisdryps Rislen i min Barm..?/ og disse Stik af Ild..?»
Reisa til Mjuk krinsar om Arne Rusets røynsler med kreftsjukdom, og Wergeland døydde av tuberkulose, til liks med Olav Nygard mange år seinare. Men boka til Ruset er meir enn ei privat sjukdomshistorie; ho opnar med ømme og utslagsgjevande barndomsminne: «Jordkloten snurrar i si/ forunderlege bane, følgjer/ sin spenstige/ boge over synsranda,/ klemmer seg gjennom/ det tronge/ skaret, blir hengande på/ balansepunktet mellom/ røynd og draum –/ så fin ein kurs».
Liv og leik
Ein anar ein personleg utviklingsveg i fyrste bolken av samlinga, og vi vert inviterte til å ta del i dei bileta som forma diktaren som menneske. Her er liv og leik og gaman, men bak det lette og ljose ligg ofte angsten på lur, angsten for det namnlause og ukjende: «snøen og fjella/ inne i meg og fars forventa død./ larmar mot mine trommehinner./ Dette held eg ikkje ut.»
Kanskje vert då det å dikta, det å namngje, eit refugium for Arne Ruset. Kanskje vert då døden, eller «skumringshesten» i Rusets poetiske metamorfose, til å tola og halda ut: «Kjem du snart,/ lydde ropet frå underverda/ Kjem du snart,/ lydde ropet frå himmelhøgd./ Kjem du snart,/ lydde ropet frå den opplyste korridoren.»
Draumen
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.