Kulturkommentar

Evig Young

I dag fyller Neil Young 80 år. 80 vrange år.
  

Neil Young performs on the Lake stage during the 59th Montreux Jazz Festival (MJF), in Montreux, Switzerland, Sunday, July 6, 2025. (Valentin Flauraud/Keystone via AP)
Neil Young opptrer i Montreux i Sveits sommaren 2025.
Publisert Sist oppdatert

Natt til laurdag 1. november fekk eg og mange andre ein e-post frå Neil Young.

Nei, me er ikkje Youngs utvalde folk, det er berre eit nyheitsbrev. Vanlegvis varslar dei om at Young har gjeve ut endå ei plate, noko han gjer oftare enn dei fleste. Denne gongen var det ikkje det. I emnefeltet heitte det «Just in – As Time Explodes», «Nett no – Tida eksploderer». Det einaste som var i e-posten, var ei videolenkje til ein kort film på to minutt

To minutt med film frå nedrivinga av Det kvite huset, frå Trump som tek imot gåver frå Qatar, frå teknologisjefar som gjev gåver til Trump, og av nasjonalgarden som går inn i LA og Portland. Krig, våpentesting og No Kings-demonstrasjonar. Og så orda «as time explodes» i ein grumsete skrivemaskin-liknande skrifttype, litt som omslaget til albumet Sleeps with Angels.

Tonesett til musikken frå «Be the Rain», siste låt på albumet Greendale frå 2003, eit album som kjempar for klimaet, mot dei store oljeselskapa. Songen opnar med linja «Save the planet for another day» – Ta vare på jorda endå ein dag.

Tysdag 4. november, ein valdag i USA, følgde Young opp med ein ny e-post og film, som mellom anna viser korleis det å kaste folk ut av landet heng saman med eit amerikansk jordbruk som ikkje verkar.

Young snakkar til tilhengjarane sine, men han peiker på det som få, om nokon, i same posisjon tør å seie. Nesten heile livet har han vore eit levande døme på avslutninga av «Nyttårsdiktet» til Jan Erik Vold: «DET ER HÅPLØST OG VI GIR OSS IKKE».

Neil Young gjev seg ikkje. Og det finst sjeldan von.

Dei siste åra har han fjerna musikken sin frå Spotify og Amazon Music, sletta Meta-kontoar og forlate X fordi han ikkje likar Elon Musk. På nettsida si skreiv han at han tek avstand frå «verdas rikaste mann». Han var imot dei økonomiske tilhøva Spotify gjev artistar. Han var imot at Joe Rogan fekk pengar frå Spotify for å ha podkasten sin der, sidan Rogan spreidde feilinformasjon om Covid-19 og lét konspirasjonsteoretikarar og vaksinemotstandarar snakke uimotsagde.

Generelt har Neil Young sagt «nei» og «slutt» så mange gonger at det er lettare å finne døme på det motsette.

Generelt har Neil Young sagt «nei» og «slutt» så mange gonger at det er lettare å finne døme på det motsette. Til dømes då han uttrykte støtte til ein viss Ronald Reagan tidleg på 1980-talet.

Han likte Reagan for viljekrafta hans. Og det innleia samstundes det snålaste tiåret i karrieren, då han gav ut merkelege album på plateselskapet Geffen. Dei vart med tida så lite nøgde at dei saksøkte Young for ikkje å lage «Neil Young-musikk». Viljekrafta til Reagan var heller ikkje nok, og mot slutten av 1980-åra var Young tilbake som samfunnsrefsande forteljar med stort sinne, på albumet Freedom. Det med «Rockin’ in the Free World» i kvar sin ende, ein låt som har vore nytta av andre ved ulike høve.

Ein som fekk lov, var dokumentarskapar Michael Moore, som nyttar han ironisk på rulleteksten til filmen Fahrenheit 9/11. Nokon som ikkje fekk lov, men som nytta låten både i 2015 og 2020, var valkampapparatet til Donald Trump.

Neil Young vart fødd 12. november 1945 i Toronto i Canada og voks opp i Winnipeg i Manitoba. Etter å ha vore aktiv i lokale rocke- og instrumentalgrupper på 1960-talet drog han til Los Angeles og danna bandet Buffalo Springfield, som vart sentrale i å utvikle folkrock- og countryrock-lyden. Young fortsette solo, fyrst åleine, så saman med bandet Crazy Horse. Ein trio som til tider speler så skranglete at folk jamleg spør Young kvifor han ikkje byter dei ut. Dei skjønar ikkje at bandet er, som Young skriv i sjølvbiografien, «eit vesen i seg sjølv».

På 1970-talet tok Neil Young posisjonen som ein sentral songar og låtskrivar. Musikken hans vekslar mellom mjuke, akustiske balladar til rå, elektrisk rock med gitarsoloar som av mange andre ville verte kalla improvisasjon over klangen frå ein streng.

FILE - Neil Young performs during the Live Aid concert for famine relief at JFK Stadium in Philadelphia on July 13, 1985. (AP Photo/George Widman, File)
Neil Young under ein Live Aid-konsert på JFK-stadionet i Philadelphia i 1985.

Ofte med politiske, samfunnskritiske tekstar – som i songen «Ohio», spelt inn som kvartetten Crosby, Stills, Nash & Young som reaksjon på Kent State-skytinga i 1970. «Harvest» (1972) står for eit skilje på fleire vis. Det er den største salssuksessen til Young og har funne vegen til over 10 millionar platespelarar. Young likte ikkje suksessen, og bestemde seg for aldri å gjere noko slikt mot midten av vegen igjen. Han skildra det sjølv som at han sikta mot grøfta.

Sidan har Young halde fram som ein produktiv og eksperimentell artist, både solo, med Crazy Horse og med andre kompband. Han har markert seg som aktivist, særleg for miljø og urfolksrettar. På 1990-talet vart han hylla av Pearl Jam og Nirvana som gudfaren til grønsjen. Seinare har han freista å redde lyden av musikk ved å lansere sitt eige lydformat og sin eigen musikkspelar. Så vidt eg veit, er eg den einaste eg kjenner som har ein av dei, så å kalle det ein suksess vil vere ei kraftig overdriving.

Likevel viser forsøket noko av det som gjer Neil Young unik: Han held fram med å vere vrang og utfordrar teknologien, musikkbransjen, seg sjølv og verda. Alltid på jakt etter den sanne lyden og den frie tonen. Både konkret og metaforisk – spesielt no når tida eksploderer.