Samfunn

Gjekk frå gull

Denne hausten har det vore mykje skriveri rundt gullsalet til Noregs Bank i 2004. Var det ein tabbe å selje?

Seinsommaren 1986 flytta Noregs Bank inn i det fasjonable nybygget på Bankplassen i Oslo, og tida var snart inne for å hente gullet heim att. Banken strekker seg elles over heile kvartalet.
Publisert Sist oppdatert

«Norges Bank har solgt 16 tonn gullbarrer i januar og planlegger å selge resten av barrene i sentralbankens gullbeholdning på et senere tidspunkt», skreiv Noregs Bank i ei pressemelding 28. januar i 2004. Dette var ein onsdag. I morgonutgåva til Aftenposten dagen etter fann lesarane ein einspaltar på økonomisidene med tittelen: «Norges Bank selger gullet». Finansavisa Dagens Næringsliv hadde ein liten notis nedst på side sju: «Går fra gull». Det var heilt udramatisk.

Gullet var altså sendt ut av landet. Ein kan jo sjå det for seg korleis dei massive gullbarrane vart lasta inn i armerte verditransportkøyretøy i kjellaren på Noregs Bank, før bilane køyrde opp av garasjen til Revierstredet, under strengt vakthald, sjølvsagt, bort Kirkegata, ned Rådhusgata, inn på E6, og i natta forsvann arvegullet vårt ut i verda.

Men det var ikkje slik det skjedde. Langt derifrå.

Den gongen var det få som protesterte. Nokre år seinare, då gullprisen skaut i vêret i 2011, skreiv Dagens Næringsliv om verdistigninga Noreg hadde gått glipp av. Og no i haust kom ein ny runde. I midten av oktober meinte finansprofessor Espen Haug ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) – altså den tidlegare landbrukshøgskolen på Ås – at salet var ein historisk tabbe. Til NRK viste han til at gullprisen hadde tidobla seg sidan 2004. Totalt fekk Noregs Bank 447,5 millionar dollar for gullet, som svarar til 3,1 milliardar kroner. I dag ville verdien vore cirka 45 milliardar kroner.

Slik sett har professoren absolutt eit poeng.

Men kva skulle vi no med alt dette gullet? Då må vi tilbake i tid.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement