Musikk

Pappagutproblemstillingsrock

Likande komikar lagar musikk som fekk kritikar til å havarere.

Publisert Sist oppdatert

Det er det argaste eg har høyrt. Ein gong mot slutten av 2000-talet sa Einar Guldvog Staalesen i P2-filmmagasinet Mørkets opplevelser (1994–2016) at humor er noko av det alvorlegaste som finst. Eg minnest òg at det blei uttrykt ein viss dissonans i det kritiske sinnelaget i samband med møtet mellom Jim Carreys gummiandlet og alvoret i filmen The Truman Show, men det må ha vore i 1998.

Det argaste eg har høyrt, er altså Tim Heidecker & The Very Good Band on Audiotree Live. Om minnet serverer meg rett, som det mogelegvis gjer eller ikkje gjer, har eg ikkje skrive om Tim Heideckers musikkutgjevingar sidan 2017-albumet Too Dumb For Suicide, som tok føre seg Donald Trumps psyke, og for ikkje så altfor lenge sidan høyrde eg eit intervju med denne Tim Heidecker på journalisten Abby Martins podkast The Empire Files. Martin har for det meste halde stramt fokus på det som Amnesty har omtalt som folkemord i Gaza dei siste åra, men her tala ho altså med Heidecker, ein av dei mest flåsete og absolutt viktigaste humoristane i dette tusenåret. Det er tale om singer-songwriter-musikk i americanalandskapet, og eg er i ferd med å gå eller har alt gått i frø.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement