Radikale historier, 3
Radikal på vitskapleg grunn
Statsvitarar hadde lenge sett noko som passa dårleg med den allmenne forståinga av politiske konfliktlinjer. Ei ny samfunnsgruppe forsterka paradigme for endring.
FORSTÅAREN. Med blikk for historie og samtid utvikla Stein Rokkan (1921–1979) jamførande analysar som blei politisk viktige, og som er blitt ståande i internasjonal samfunnsvitskap.
Foto ca. 1970: Universitetet i Bergen
Verda blei forstått annleis enn før. Det blei også norsk politikk. Éi etablert oppfatning var ein harmonimodell der interesser balanserte kvarandre og endringar var «naturlege». I ein enkel politisk konfliktmodell kunne alt sameinast i konflikten mellom arbeid og kapital og stat vs. marknad. Der var også meir komplekse konfliktmodellar med kryssande konfliktlinjer og motsetnader. All den tid ei todeling av politikk i parlamentet var meir rigid i Noreg enn i mange andre vesteuropeiske land, var kompliserande analysemodellar kjærkomne – for somme.
Politikk var i ferd med å bli vitskapeleggjord, meir i teori enn i praksis, og mest gjennom sosiologi og statsvitskap. Radikaliseringa i sentrum bygde på vitskapleg grunn. Frå 1940-åra hadde sosialøkonomien endra det politiske ordskiftet om økonomisk politikk, og frå filosofien kom nye krav til sakleg argumentasjon. Både institusjonelt og litterært slo samfunnsvitskapen gjennom i Noreg i 1960-åra. Det endra ordskiftet om samfunn, velferd og sosiale reformer.
Brot med blokktenkinga
Mykje av nytenkinga blei spreidd i enkle stensilhefte. I mai 1974 lanserte Venstres Opplysningsforbund lefsa Trekanten i norsk politikk. Kva står dei politiske partia for?. Her brukte statsvitarane Alf-Inge Jansen og Torodd Strand ved Universitetet i Bergen faget sitt til å analysere tyngdepunkta i partia over 33 sider. Ut frå dette plasserte dei partia mot grøn, raud og blå pol i ein trekant, ikkje langs aksen venstre–høgre eller sosialistisk–ikkje-sosialistisk.
Framstillinga stadfesta oppfatningar som hadde breidd seg fram mot og etter folkerøystinga om EF halvtanna år før, og vitaliserte den politiske diskusjonen i eit parti som sleit etter at Venstre blei kløyvt på landsmøtet på Røros i november 1972. Det var ikkje så ofte at ein spissa og ganske samanfatta samfunnsanalyse fekk folk til å snakke om at no tenkte dei nytt og såg annleis på politikk enn før.
Innanfor faget var slike analysar utbreidde; der hadde ein alt for lenge sidan sett at aksen radikal–konservativ var for eindimensjonal til å forklare skilnadene mellom partia og forstå kryssande samfunnsinteresser. Særleg hadde Stein Rokkan drøfta og klargjort dette for mange år sidan. Alt tidleg på 1960-talet introduserte han eit skilje mellom ein territorial og ein funksjonell akse. Aksen sentrum–periferi hadde jamvel vore der frå 1800-talet og var ein føresetnad for dei motkulturane han identifiserte i form av målsak, fråhaldssak og lekmannskristendom.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.