Musikk

Svensk presisjon utan sjangerkart

Det fjerde albumet til Dina Ögon er både internasjonalt i uttrykket og umiskjenneleg svensk.

Publisert

På utsida har Människobarn ein fotografisk estetikk ein må heilt attende til ABBA-album som The Visitors for å finne maken til. Kjølig, presist, gjennomtenkt.

Musikalsk er albumet stundom òg like harmonisk som nett ABBA, til dømes på nydelege «Du tappa dä», der bandet, i motsetnad til låttittelen, på ingen måte har rota det til. 

Samstundes kan Anna Ahnlund, Daniel Ögren, Love Örsan og Christopher Cantillo utan problem skifte spor og lage snublande funk, med leikande harmoniar som kunne vore henta frå gitarhanda til Nile Rodgers.

Med «Dårlig teve» har dei dessutan laga den beste songen om dårleg fjernsyn sidan Bruce Springsteens «57 Channels (And Nothin’ On)», sjølv om låten langt frå er noko innlegg i skjermtidsdebatten.

Kva Stockholm-kvartetten Dina Ögon eigentleg spelar, er vanskeleg å forklare, særleg for dei som likar å plassere musikk i tydelege sjangrar. Her finst spor av soul, pop, funk og vise og ei helsing til Ronja Røverdatter i tittelen. Men aldri slik at noko av det vert ståande åleine.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement