Musikk
Til felleskapet sitt beste
Fire røynde musikarar lagar bluegrass som går rett på sak.
TeleGram gjer så godt dei kan for å gå i eitt med ein åker.
Foto: Eirik Havnes
Kvartetten TeleGram har, så vidt eg veit, lite å gjere med den krypterte meldingstenesta mellom anna Volodymyr Zelenskyj nyttar.
I staden har dei røynsle frå bluegrassbandet Strengeplukk, strykeensemblet Oslo Strings, blandingsforetaket Katzenjammer – og som bandet til sjølvaste Lillebjørn Nilsen. Som òg inneber nikk til Erlend Viken Trio.
Andrealbumet frå Anne Marit Bergheim, Marius Graff, Kaja Fjellberg Pettersen og Nikolai Storevik er noko så framfust som meir musikk som ikkje passar inn i nokon av båsane dei kjem frå, nesten eit tiår etter The Right Song (2018). Om ein absolutt må setje ein merkelapp, så er det vel ein slags bluegrass.
Der særleg felespelet og dei vokale harmoniane stikk seg fram. Ingen unødige instrument er til stades. Produksjonen kjennest meir sparsam, medan miksen samstundes er meir fyldig enn debuten. Kvartetten skriv låtar som kjennest som korte meldingar sende i fart, presise, ladde og utan unødige omvegar. Slik at det vesle formatet rommar meir enn ein først skulle tru.
Om det er, som albumtittelen lovar, til fellesskapet sitt beste? I kraft av å vere presist og nøkternt, absolutt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.