USA

Det eliten gjer når ingen ser på. Ei nærlesing av Epstein-filene

Epstein-filene teiknar eit knusande bilde av korleis samfunnsordenen fungerer, og kven han fungerer for: ein eigen klasse med eigne spelereglar.

Jeffrey Epstein ville aldri ha fått ein ny start etter 2008 utan ein tidvis antidemokratisk, sjølvtilfreds elite som førte verda bak lyset, skriv Anand Giridharadas.
Publisert

Mens journalistar går gjennom all Epstein-e-posten og løftar fram den eine innyndande kjendisen etter den andre, kviskrar folket i kor: «Korleis kunne dei?» Korleis kunne så framståande personar, knytte til så prestisjetunge institusjonar, falle for dette?

Ei nærlesing av dei mange tusen meldingane gjer det lettare å skjøne. Då Jeffrey Epstein, ein finansmann som blei dømd for seksuallovbrot, trong vener som kunne rehabilitere han, visste han kor han skulle gå: til ein maktelite som har lært å oversjå smerte.

I den dystre kjernen i historia står ein seksualforbrytar og offera hans – og tilknytinga til president Donald Trump. Men det er òg ei forteljing om eit mektig sosialt nettverk der somme, alt etter kva dei visste, kanskje var i stand til å oversjå det fordi dei hadde lært å oversjå mange andre former for misbruk og liding: finanskrisene nokre av dei var med på å utløyse, dei feilslåtte krigane dei bidrog til å drive fram, overdosekrisa nokre av dei la til rette for, monopola dei forsvarte, ulikskapen dei fyrte opp under, bustadkrisa dei hausta gevinstar frå, teknologien dei ikkje beskytta folk mot.

Epstein-saka vinn gjenklang i breiare lag enn dei fleste andre saker no, og nokre av dei som sit i maktposisjonar, er bekymra. Når kongressrepresentant Ro Khanna, demokrat frå California, snakkar om ein «Epstein-klasse», er ikkje det farleg? Er ikkje det klassekrig?

Men magekjensla folket har, er rett. Folk har rett til å tenke – no når e-posten ligg framme i lyset – at det finst eit høgst privat meritoaristokrati i skjeringspunktet mellom stat og næringsliv, lobbyverksemd, filantropi, oppstartsbedrifter, akademia, vitskap, finans og media som altfor ofte tar vare på sine eigne framfor fellesskapet.

Dei har rett å bli støytt av at medlemmene av denne gruppa får uendeleg mange sjansar, mens svært mange amerikanarar ikkje eingong får éin sjanse. Dei har rett i at bønnene deira ofte ikkje blir høyrde, enten dei blir kasta ut av landet, kasta ut av heimen sin, svindla, KI-overflødige eller – ja – valdtatt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement