Økonomi
Sør-Europa har snudd skuta
For 15 år sidan skapte Italia, Hellas og Spania økonomisk krise i EU. No er det Sør-Europa som bidreg mest til økonomisk vekst i EU.
Denne artikkelen har lyd:
Det er eit klipp som tyske satirikarar yndar å spele om igjen og om igjen: «Kva kan Tyskland lære av Italia for å få ein betre økonomi?» spurde ein journalist den dåverande tyske kanslaren, Olaf Scholz, då han var på statsbesøk i Italia for to år sidan.
Scholz svarte først ikkje – i staden sperra han opp auga og trekte umedvite andletet saman i ein stygg grimase. Eit slikt spørsmål hadde neppe leiaren for Europas største økonomi nokon gong venta seg å måtte svare på.
Gjeldskrise
Still klokka ti år attende: På byrjinga av 2010-talet var Italia, saman med Spania, Portugal og Hellas, mellom dei økonomiane som truga med å destabilisere heile det økonomiske samarbeidet i EU. Då finanskrisa nådde Sør-Europa i 2008, sat dei fire landa alle med høge statslån, som det etter kvart blei nesten umogleg å handtere åleine. Slik utvikla finanskrisa seg til ei gjeldskrise.
Dei søreuropeiske landa måtte gå med på harde budsjettkutt for å få hjelp av Den europeiske sentralbanken og offisielle låneprogram for å kome på fote igjen. Regjeringar måtte gå. Arbeidsløysa steig til over 25 prosent i Spania og Hellas. Grekarane skulle få ei verre og meir langvarig økonomisk krise enn den store depresjonen i USA på byrjinga av 1930-talet. «Europas sjuke mann» var eit omgrep som stadig gjekk att når internasjonale medium skulle skildre dei fire landa.
Tysk trøbbel
Då Scholz vitja Italia, var det Tyskland som hadde arva dette omgrepet. Den tyske økonomien hadde kome seg raskt på fote att etter finanskrisa, og blei sett på som eit økonomisk ankerfeste for resten av Europa i åra etterpå. Samstundes satsa dei tyske styresmaktene på å halde statsgjelda så låg dei kunne. Medan dei såg gjelda vekse i Sør-Europa, røysta tyske politikarar for å grunnlovsfeste «gjeldsbremsa», ein slags tysk motsats til den norske handlingsregelen, som skal gjere det umogleg å ta opp høge lån.
Dei gjorde derimot langt mindre for å investere slik at økonomien kunne halde fram med å vakse i framtida. Regjeringane til Angela Merkel gjorde lite for å fremje enklare digitale løysingar for økonomien – i 2024 nytta framleis fire av fem tyske verksemder faks – og ditto lite for å investere i infrastrukturen, nett av omsyn til gjeldsbremsa.
Då eg tok trikken over Carolabrücke i Dresden sommaren 2024, ante eg lite om at brua skulle kollapse tre veker seinare, etter langvarig slitasje. Eigentleg burde eg ikkje blitt overraska: Minst 16.000 bruer må restaurerast, melder vekeavisa Die Zeit. Like ille er det med skjenenettet, der dei eldste delane framleis stammar frå keisartida.
Verst for økonomien var det likevel at dei tyske verksemdene, som i mange år eksporterte høgteknologi over heile verda, blei tatt igjen av konkurrentane. Berre sjå til bilindustrien: På det langstrakte nordtyske slettelandet ligg Wolfsburg, hovudsetet til Volkswagen. Lenge har byen vore eit av symbola på modernitet og velstand i landet: Om lag halvparten av dei 127.000 innbyggarane jobbar i bilindustrien. I mange år kunne bilkonsernet nyte godt av sal til veksande økonomiar som Kina. Ein merkte knapt at dei kinesiske styresmaktene var i ferd med å bygge opp sin eigen bilindustri, som no på få år har tatt over viktige delar av den globale bilmarknaden. Betre blei det ikkje av at Trump ila EU ein toll på 15 prosent og dermed gjorde det dyrare å operere på den amerikanske marknaden.
Resultatet var at Tyskland fram til i fjor haust gjekk gjennom ein tre år lang resesjon. I Wolfsburg varsla konsernleiinga masseoppseiingar. 100.000 jobbar har forsvunne frå tysk industri – på eitt år. I november synte ei undersøking at 68 prosent av tyske industriverksemder vurderer å flytte delar av produksjonen til utlandet, der det er billegare å produsere. Det er ei mager trøyst at økonomien så smått har byrja vekse att, med 0,2 prosent.
Også Frankrike, den nest største økonomien i Europa, slit. Her veks økonomien litt snøggare, men styresmaktene har eit anna problem: Utgiftene veks, og statsgjelda har ikkje vore høgare sidan andre verdskrigen. Så stor er gjelda no at ho er på 117 prosent av det franske nasjonalproduktet (BNP). Det er over 10 prosent høgare enn i Hellas før finanskrisa i 2007 – rett nok med langt større økonomiske krefter til å redde seg unna ei liknande gjeldskrise enn grekarane nokon gong hadde.
Spansk utakt
Men nett i dei gamle kriselanda er situasjonen no snudd, slik journalisten som stilte spørsmålet til den tyske kanslaren for to år sidan, indikerte. Spania og Hellas er to av økonomiane som veks snøggast i EU. Og av dei høgst utvikla økonomiane i verda er det den spanske som veks snøggast, syner tal frå Det internasjonale pengefondet (IMF).
Også Italia har kome sterkare tilbake etter pandemien enn Tyskland og Frankrike, trass i at Financial Times så seint som i 2018 meinte landet truga med å kaste Europa ut i ei ny finanskrise. Veksten har rett nok bremsa det siste året, like fullt erklærte same avis så seint som i november at «Europa burde lære av Italia».
Grunnen til at dei søreuropeiske landa no er i sterk økonomisk vekst, er samansett. I mange år sleit landa med å kome seg på fote etter gjeldskrisa. Den sterke veksten no kjem mellom anna av at dei søreuropeiske økonomiane no tar att mykje av den veksten dei kunne hatt under kriseåra. Bak veksten ligg det òg tal som syner at det framleis er utfordringar i dei søreuropeiske landa: Sjølv om nye tal syner at Spania har den lågaste arbeidsløysa på 18 år – 17 prosentpoeng lågare enn i 2013 – er ho framleis den nest høgaste i EU. Grekarane har klart å redusere statsgjelda monaleg, men ho er framleis høg.
Jordbærmodellen
Likevel er det mangt som tyder på at det vil gå betre i Sør-Europa dei neste åra. Turismen til middelhavslanda har auka sterkt sidan pandemien tok slutt. Fleire av regjeringane har òg tatt strategiske vegval som dei får att for no: Då EU-landa blei samde om å ta opp lån for å stimulere den europeiske økonomien under pandemien, valde til dømes den spanske regjeringa å setje i gang ei storstilt utbygging av vind- og solparkar. No forsyner dei landet med billeg straum.
Ingen andre i EU jobbar så mange timer i veka som grekarane.
Ein siste faktor finn ein i eit av dei største stridsspørsmåla i europeisk politikk: innvandring. I Andalucia, langs den spanske solkysten, ligg enorme fruktgardar spreidd mellom grøne åsryggar. Dette er den viktigaste landbruksregionen i EU, målt i verdien på produkta som blir produserte der. Frå dei andalusiske gardane blir sitrusfrukt, jordbær og andre varer eksporterte over heile Europa – også til norske kjøleskap.
Men det er ikkje gratis å dyrke dei. For å skaffe nok arbeidskraft har spanske verksemder tilsett udokumenterte migrantar i titusental. Ingen veit nett kor mange udokumenterte innvandrarar som finst i Spania, men nokre reknar med mellom ein halv og ein million. Dei har vore viktige for den spanske økonomien, der dei tar jobbar mange spanjolar ikkje vil ha.
– Vesten treng folk, skreiv den spanske statsministeren Pedro Sanchez i The New York Times førre onsdag, og kritiserte dei vestlege landa for å stramme inn på innvandringa samstundes som dei treng arbeidskraft.
– Nett no er det få av dei vestlege landa som har stigande befolkningskurve. Om dei ikkje omfamnar innvandringa, vil dei gå gjennom ein kraftig demografisk nedgang som vil hindre dei i å halde økonomien og velferdstenestene i gang.
Under minsteløn
Den sosialdemokratiske statsministeren nemnde ikkje korleis mange av innvandrarane bur i chabolas, slumliknande kvartal med inntekter under den lovpålagde minsteløna, heller ikkje at mange av dei arbeider under til dels farlege arbeidsvilkår: Journalistar peiker på at mange av migrantane sprayar insektmiddel på frukt og bær utan tilstrekkeleg vern.
Statsministeren nemnde heller ikkje at uroa for auka innvandring har bidratt til å styrke oppslutninga om ytre høgre-partiet Vox. Det syner oss ein ting: Økonomisk vekst gir oss ikkje nødvendigvis meir harmoniske samfunn, slik ein ofte har trudd.
Også i Polen, Portugal og Hellas har høgrepopulistar vore på frammarsj. I Italia har statsminister Giorgia Meloni festa grepet, samstundes med at regjeringa hennar blir kritisert for å gjere landet mindre liberalt på heimebane.
Det har ikkje hindra Meloni i sjølv å vere ein pådrivar for høgare arbeidsinnvandring: I sommar varsla regjeringa hennar at dei ville hente inn ein halv million arbeidsinnvandrarar utanfor EU dei komande tre åra. Også Polen, som blei styrt av høgrepopulistar frå 2015 til 2023, hadde ein liknande modell med mellombelse arbeidsvisum. Om arbeidsinnvandrarane faktisk reiste attende, er ei anna sak.
Spøkjelsesbyen
Årsaka til at ytre høgre likevel er på frammarsj i Sør-Europa, er truleg samansett, men ei av hovudårsakene kan vere at den økonomiske veksten ikkje blir jamt fordelt. Portugal og Spania er mellom dei landa som har nytt godt av turistauken dei siste åra. Det har ikkje nødvendigvis kome lokalbefolkninga til gode.
Berre sjå på Lisboa: Stadig fleire nordeuropearar og amerikanarar kjøper bustad der eller leiger på Airbnb. Det har fått bustadprisane i den portugisiske hovudstaden til å skyte i vêret. Ingen andre byar i Europa er dyrare å bu i om ein reknar etter lokal kjøpekraft. Leigeprisane er no i snitt høgare enn den portugisiske medianløna, melde portugisiske medium i oktober.
Dermed må mange med jobb i hovudstaden pendle i timevis kvar dag frå eit husvære i periferien – om dei då ikkje flyttar ut av landet, slik ein tredel av alle portugisarar mellom 15 og 39 har gjort. Dei er frustrerte: Under presidentvalet røysta fleirtalet av desse på kandidaten frå ytre høgre, mot 33 prosent frå befolkninga elles.
Hellas er eit anna døme. Ingen andre i EU jobbar så mange timer i veka som grekarane. Likevel omtaler 67 prosent av innbyggarane seg sjølv som fattige. Berre bulgararane har dårlegare kjøpekraft.
Ironien er at desse problema til dels har røter tilbake til krisa for 10–15 år sidan, då sentralmakta i EU pressa gjennom ei rekke upopulære reformer. I Lisboa måtte styresmaktene fjerne reguleringar av leigemarknaden, i Athen måtte regjeringa svekke arbeidsreguleringar og opne opp for meir deltidsarbeid. Uavhengig av den økonomiske veksten vil nok krisene halde fram med å prege Sør-Europa i overskodeleg framtid.