Musikk

Ei musikalsk blomeeng

Julia Hülsmann har innleidd eit spanande kapittel.

Julia Hülsmann Octet.
Publisert Sist oppdatert

Etter ein serie med kvartettutgjevingar – Not Far from Here (2019), The Next Door (2022) og Under The Surface (2025) – kjem noko heilt anna. Kvartettplatene er noko av det mest spanande som har kome frå ECM dei seinaste åra, og det seier ikkje så radt lite.

Her byr Julia Hülsmann på ein meir fargerik bukett. Det er eit spenn i repertoaret som gjev ho høve til å utnytta dei to trioane, den klassiske, fiolin, cello og piano, og jazztrioen, piano, bass og trommer, på spanande vis. Vokalistane opptrer oftast ein og ein, men på Hülsmann-låtane «You Come Back» og «TicToc», med tekstar av høvesvis Margaret Atwood og E.E. Cummings, tek dei samse tak.

Dei tre vokalistane har høgst ulike vokalkvalitetar. Aline Frazāo framfører eit par tekstar på portugisisk. Michael Schiefels uttrykk kan minna litt om Jimmy Scott utan å vera like eterisk. Med fare for å verka sjåvinistisk – prosjektet er på sitt aller mest potente med Live Roggen ved vokalmikrofonen. I hennar «Moonfish Dance» og Hülsmanns «Felicia’s Song», med tekst av Roggen, kjem det omtalte spennet i repertoaret og samspelskvalitetane tydelegast fram.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement