Samfunn
Spelet er over i Oslo-skulen
Digitaliseringa av skulen har skjedd for ukritisk, seier Julie Remen Midtgarden, utdanningsbyråd i Oslo. No skal distraksjonane bort.
Dataspel på PC-ane har vore ein distraksjon for elevane både på skulane og i arbeidet med leksene. No stenger Osloskolen tilgangen til spelnettsider og alle sosiale medium via nettlesaren.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Denne veka kom ei uvanleg interessant pressemelding frå byrådet i Oslo. «Skolens digitale verktøy skal (…) brukes til læring – ikke til scrolling og distraksjoner», slo Julie Remen Midtgarden, Høgre-byråd for utdanning, fast.
Dette kan høyrast opplagt ut, men inntil onsdag denne veka var det ikkje det. Elevar i ungdomsskulen i Oslo har til no hatt fri tilgang til mellom anna nettspel og fleire sosiale medium på skule-PC-ane sine. Dette skal blokkerast. Spelnettsider blir òg blokkerte på elevmaskinene i vidaregåande. «Distraksjoner, underholdningsspill og uønsket innhold skal vike for læring og mellommenneskelig interaksjon», heitte det i pressemeldinga.
«Lykkerus»
Dette er nok eit døme på ei stor endring i synet på digitaliseringa i skulen. Ikkje minst gjeld det partiet Høgre, som lenge var pådrivarar for meir bruk av iPad og andre digitale reiskapar. I 2015 gjekk til dømes Bærum Høyre til val med slagordet «iPad til kidsa». Den tida er over. I ein resolusjon frå Oslo Høyre i januar heiter det til dømes: «En hovedårsak til at barn har dårligere konsentrasjonsevne enn før, er en ensidig bruk av digitale læremidler. Å være på skjerm gir en lykkerus som ofte er sterkere enn ønsket om å lære noe nytt. Man husker mindre av det man har lest på skjerm enn det man leser på papir.»
Nytenkinga viser seg òg i eit resolusjonsforslag til Høgre-landsmøtet denne helga, ein tekst som utdanningsbyråden i Oslo har vore med på å formulere. Der står det blant anna: «Alle skal lære å lese, skrive og regne godt, med fysiske lærebøker.» Det står også: «Store teknologiske endringer utfordrer skolens arbeidsmåter, skaper digitale distraksjoner og øker presset på konsentrasjonsevne og sannhet.»
– Dette er det mange som kjenner seg att i, utdanningsbyråd Julie Remen Midtgarden?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.