Kommentar
Til høgre for Høgre
Det er ikkje så lett å få tak på korleis Høgres nye leiar vil løfte partiet. Men Ola Svenneby har ein plan.
Teikning: May Linn Clement
Det ville seg ikkje for Høgre i stortingsvalet i fjor. Denne helga er partiet samla til ekstraordinært landsmøte på Gardermoen for å få ein ny start og ei ny partileiing.
I forkant har påtroppande leiar Ine Eriksen Søreide fått meir merksemd for venskapen med den no korrupsjonssikta diplomaten Mona Juul enn for sin visjon for å løfte partiet. Til gjengjeld har ein 28-åring frå Våler i Hedmark gjort seg mange tankar om akkurat det.
Unge Høgre-leiar og påtroppande Høgre-nestleiar Ola Svenneby gir no ut artikkelsamlinga 15 debatter for å gjenreise Høyre saman med partifellen Amalie Gunnufsen. Her kan ein lese bidrag frå den yngre garden i partiet, den eldste er 38 – dette er dei som kjem til å prege partiet framover. Mykje står på spel: «vi risikerer å lide samme skjebne som flere av våre søsterpartier: Storhetstiden ligger bak dem», kan ein lese i forordet.
Lysglimtet
I fjor haust, då pressa stadig konfronterte Høgre-folk med kva som var blitt gjort feil, vart Svenneby ofte nemnd som eit lysglimt. Han vart rosa for å vere tydeleg, altså nettopp det partiets eiga evaluering kritiserte partileiinga for å ikkje vere. Mange framheva også at Svenneby ikkje var redd for å gå inn i landskapet der Høgre konkurrerer med Framstegspartiet om veljarar.
Og akkurat der er det jo ein heil del å hente når Frp er blitt storebror med eit valresultat på 23,8 prosent, mot Høgres 14,6. I boka spør Svenneby: Kjenner pappa seg igjen i det samfunnet han ser på NRK? Ikkje for å øydeleggje eit mogleg spenningsmoment, men eg kan røpe at Svennebys far (f. 1967) ikkje gjer det.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.