JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Mykje drama, lite tid

Ein flott film kunne vorte ein endå flottare TV-serie.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kristoffer Joner spelar krigsseglaren Alfred.

Foto: Mark Cassar / Mer Film

3814
20220923
3814
20220923

Drama

Regi: Gunnar Vikene

Krigsseileren

Med: Kristoffer Joner,
Pål Sverre Hagen, Ine Marie Wilmann
Kinofilm

Handlinga startar i Bergen, 1939, sju månader før den tyske okkupasjonen. Alfred (Joner) og Sigbjørn (Hagen) har hyre på båt og skal etter planen vera vekke i 18 månader. Ikkje veit dei og kona til Alfred, Cecilia (Wilmann), at krigen skal halda ektemann og far Alfred vekke frå familien langt lenger enn dette.

Plikthelten

Du skal vera særs lite interessert i film, kultur, andre verdskrig eller aviser generelt for ikkje å ha fått med deg den største norske filmsatsinga på årevis og faktisk nokosinne om du ser på prislappen. Men prisen for prisen vil mest sannsynleg vera nettopp prisar, nærare bestemt Amanda-prisar i bøtter og spann til neste år. For viss det er noko me likar her til lands, så er det heltefilmar om den vanlege mannen (og av og til kvinna) som ofra seg for konge og fedreland.

Og absolutt ingenting kan slå at dette handlar om ei gruppe som fekk lite merksemd og takksemd heilt inntil for nokre få år sidan. 30.000 sjøfolk segla for dei allierte under andre verdskrigen, og halvparten av skipa gjekk ned.

Det var ikkje før Jon Michelets bokserie, En sjøens helt, som kom i fem bind frå 2012, at det kollektive samfunnsminnet hugsa på alle desse som frakta varer og ammunisjon sjøvegen utan noko val.

Å gjera si plikt høyrest kanskje ikkje helteaktig ut, men under omstenda skildra i både bøkene til Michelet og no i filmen Krigsseileren, er det akkurat desse pliktoppfyllande sjøfolka som er heltane.

Kvardagshelten

Hovudrolla er som skriven for Kristoffer Joner, og det er ho kan hende også? Han er iallfall fullstendig riktig i rolla som ærleg hardtarbeidande mann med enkle mål i livet, der kjærleiken til kone og barn er viktigaste drivkrafta. Alfred, kallenamn Freddy, gjev ikkje uttrykk for at det er fedrelandet han jobbar for: Når han strekkjer seg så langt som han gjer, er det for venskap og omsorg for menneske og for å verte gjenforeint med familien.

Det er sårbart og sterkt på same tid, ein kombinasjon Joner har hatt som varemerke lenge og som kler han, særleg som Freddy, særleg som ein kvardagshelt. Utanom han er det ikkje all verdas rom for nyanserte roller – i eit slikt drama treng ein klare karakterar som har sin funksjon i puslespelet som til saman skal danna bilete av kvardagshelten.

Både Hagen og Wilmann gjer jobben sin, utan at eg vert vidare engasjert, verken eine eller andre vegen. Det kan også ha med tidsavgrensingane å gjera, at persongalleriet må presenterast kjapt for å gje rom til handlinga.

Avkorta

Dette er kanskje hovudinnvendinga mi, at trass i to og ein halv time verkar Krigsseileren for kort. Eller rettare sagt: Det verkar som ein TV-serie som har vorte klipt ned. Store ulukker har måtta vika plassen for andre store ulukker, kan ein seia. Særleg siste delen er så brutalt avklipt at eg stussar. Han framstår meir som eit melodramatisk vedheng og bidreg igjen til kjensla av at det eigentleg var meininga å laga ein serie over fleire episodar.

Eg skjønar at dei meir intime scenene i andre halvdel har vorte med for den dramatiske effekten, men når ei lita, konkret scene er alt som reflekterer uretten krigsseglarane vart utsette for i etterkant, så verkar prioriteringa tidsknipen heller enn å vilja undergrava poenget. Dei personlege nederlaga understrekar sjølvsagt mykje av det som går tapt i ein krig, men hardare kritikk mot den statlege behandlinga av krigsveteranar hadde sjåaren tolt. Sjåarane får uansett ein storslegen film som dei garantert kan diskutera vidare med alle andre dei kjenner, som også kjem til å sjå filmen – og bra er det.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.

Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons

TeknologiFeature
Per Thorvaldsen

Elektromagnetisk krigføring

Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.

Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.

Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB

Ordskifte
Olaug Bollestad

Blottet for etiske refleksjoner

Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.

Teikning: May Linn Clement

KunngjeringarKultur
Frank Tønnesen

Votten

Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis