Utan aksentar
Saya Hashino spelar orgel med staccato og abrupte avslutningar.
Japanske Saya Hashino er organist i Saint-Germain-kyrkja i Genève.
Foto frå heimesida til artisten.
CD
Johann Sebastian Bach:
Vor deinen Thron
Saya Hashino, orgel. Solo Musica 2022
Klavermusikk er i dag synonymt med musikk for piano. Slik var det ikkje i barokken. Ordet klaver kjem frå latin clavis, der det tyder «nykel» eller «tangent». Eit klaverinstrument er difor i grunnen berre ei fellesnemning for instrument der ein spelar på eit klaviatur med tangentar.
Då Johann Sebastian Bach (1685–1750) nytta omgrepet «klaver» (tysk Clavier), kunne det difor tyda instrument der tonen blir laga ved at ein streng blir knipsa på med eit plekter (cembalo), ved at ein hammar slår på strengen (hammarklaver), eller ved at luft blir tilført ei pipe (orgel).
I barokktida var yrkesmusikarar allmennpraktikarar, og det var sjølvsagt at ein cembalist også spelte orgel, og at ein organist også spelte cembalo. Men i vår tids spesialiserte musikkliv er det få som spelar fleire instrument på profesjonelt nivå. Her er japanske Saya Hashino eit unntak som opptrer på både moderne klaver, cembalo og orgel. Repertoaret hennar femner om fire hundre år, med alt frå solomusikk til romantiske klaverkonsertar.
Staccato
På plata Vor deinen Thron framfører ho Bachs orgelmusikk på det nyrestaurerte orgelet i Saint-Germain-kyrkja i Genève. Her kler ho stillinga som organist (i tillegg til at ho arbeider som healer innanfor japansk alternativ medisin).
Albumet byr på reine instrumentalformer som fuge og triosonate, og verk der ein salmemelodi er utgangspunktet for komposisjonen. Alt i opningstaktane til Toccata, adagio og fuge i C-dur, BWV 564, som Bach skreiv i Weimar i 1708, merkar me særtrekket ved Hashinos spelemåte: kvass artikulasjon og ein tendens til å avslutta frasane abrupt, med ein slags musikalske utropsteikn.
I partia utetter i den improvisasjonsaktige fyrstesatsen, som har lange lekkjer med snøgge notar, peiser ho på, mest heilt utan aksentar undervegs. Same framgangsmåte høyrer me i fugen, der temaet er artikulert med staccato. Eg likar for så vidt det motoriske drivet i tolkinga hennar, men den skarpe artikulasjonen verkar etter kvart maniert. Avslutningane blir så korte at snerten forsvinn.
Folkefrelsar
Eitt av dei salmebundne verka på plata er Nun komm, der Heiden Heiland, BWV 659. I dette koralpreludiet høyrer me ein ornamentert versjon av melodien til «Folkefrelsar til oss kom» i den øvste av dei fire stemmene. Men Hashino freistar ikkje å etterlikna det vokale når ho formar frasane, difor manglar dei retning.
På klaver trur eg det ville fungert betre, der kan ein nemleg nytta dynamikk (gjennom ulik styrke i anslaget) for å få fram nyansar. På orgel er tonen derimot «bein» – ein kan ikkje endra tonestyrken og har berre artikulasjon og små tempoforskyvingar til rådvelde for å skapa retning og variasjon.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.