Skyr ikkje klisjear
Audun Sandviks celloalbum er ei øving i assosiasjonar.
Cellisten Audun Sandvik er solist saman med to norske orkester.
Foto: Trond Husebø
CD
G. Anvik, G. Storaas, H. Skram:
Trace of Lament
Audun Sandvik, cello; Kringkastingsorkestret, dir.: Thomas Klug; Det Norske Kammerorkester, dir.: Per Kristian Skalstad. LAWO 2022
Kvass modernisme kan du lytta langt etter på albumet Trace of Lament, der cellisten Audun Sandvik er solist med to norske orkester. Dei tre norske komponistane på plata har alle bakgrunn frå filmmusikken (to av dei også frå elektronika, rock og jazz), og mange av verka er i røynda filmmusikk som er blitt tilpassa Sandviks instrument.
Eit relativt mildt uttrykk er resultatet; musikk med romantisk dåm der harmoniske og melodiske vendingar innfrir lyttarforventningane våre andsynes den musikalske utviklinga. Eller sagt på ein annan måte: Ingen av komponistane skyr klisjear.
Men kva ville eigentleg musikken vore utan klisjear? Utan dei ville ein vanskeleg kunna forhalda seg til klingande kunst i det heile. Det klassisk-romantiske uttrykket frå 1800-talet lever vidare i vår tids filmmusikk, musikk som kompletterer det visuelle uttrykket og kveikjer fantasien og kjenslene våre. For den som ikkje har filmen, men berre musikken, blir lyttinga ei øving i assosiasjonar.
Delikat klang
Opningsverket Ostinat, som er komponert av Ginge Anvik (f. 1970), er emblematisk for albumet – og det mest effektfulle. Opphaveleg blei det skrive for klaver og orkester til filmen De nærmeste (2015), men versjonen med cello fungerer godt. Eg veit ingen ting om filmen, men den roleg voggande orkesterinnleiinga med harpe og treblåsarar manar hjå meg fram bilete av eit stille vinterlandskap, kanskje eit russisk, der innsatsen til soloinstrumentet står som eit nake tre.
Cellostemma kling idiomatisk, altså høvande til celloteknikken. Og Sandvik spelar godt: Intonasjonen er lytefri, og særleg likar eg den konsistente, delikate klangen i det øvre celloregisteret. Overgangen frå det som kan kallast ein solokadens mot slutten, der orkesteret gradvis overtek for celloens rytmiske driv (i form av brotne akkordar), blir suggererande dynamisk frasert. (Er det berre eg som i dette partiet får assosiasjonar til fyrstesatsen i Mendelssohns kjende fiolinkonsert i e-moll?)
Trass i at verket presenterer ein fin grunnidé – ei grunnstemning med fengjande passasjar – er det ikkje fritt for overgangar som verkar konvensjonelle og beint fram umotiverte. Det kunne difor med fordel vore stramma inn kompositorisk.
Barbarisme
Kraftig driv er det òg i opningssatsen til Gaute Storaas’ (f. 1959) tredelte Ex Alia Parte, eit tingingsverk for Sandvik, der han får briljera i celloens tenorregister. Tredjesatsen, som komponisten skriv er farga av svartmetallmusikk, gjev hjå meg assosiasjonar til russisk barbarisme à la Stravinskij. Særleg gjeld dette dei hoggande tuttiakkordane i eksposisjonen.
Av Henrik Skrams (f. 1973) bidrag til albumet har eg mest sans for The Dinner, som også er filmmusikk. Med enkle kompositoriske verkemiddel skaper han her ein romantisk-melankolsk atmosfære.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB
Ein endrar ikkje naturen med talemåtar
Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.
Foto: Kari Anette Austvik / NTB
Frå bridgeverda: Svidd utgang
Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.
Foto: Lina Hindrum
Fadesar og fasadar
Roboten blir til mens vi ror.
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).
Foto: Ole Martin Wold / NTB
I rykk og napp
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.
Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.
Foto: Wildside
Roma – ein lukka by
Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.