Skogen for berre tre
Det finst både nye og gamle takter på a-has nye True North.
Magne Furuhomen, Morten Harket og Paal Waaktaar-Savoy drog til Bodø og spelte inn musikk saman med Arktisk Filharmoni.
Foto: Stian Andersen
Pop
a-ha:
True
North
Sony
Eg var vel ikkje akkurat budd på å verte overraska i møte med dei tolv nye komposisjonane på a-has ferske plate True North, men det vart eg då eg først lytta til «Hunter In The Hills», det andre sporet på utgivinga. Her gjer bandet verkeleg elegant bruk av orkestrale element, kombinert med smart pianospel, i ein popsong som både er lett på foten og stilig. Vi skriv 2022, og Morten Harket (63), Paul Waaktaar-Savoy (61) og Magne Furuholmen (60 om nokre dagar) er rett og slett i stand til å lage ein song som for min del går inn på lista over a-ha-favorittar.
Arktisk i Bodø
Sju år etter Cast in Steel er altså a-ha tilbake med nytt studioalbum, lansert med kinofilm og greier, og vitale «Hunter In The Hills» er ikkje det einaste dømet på at det var eit smart trekk å reise til Bodø og spele inn musikk saman med Arktisk Filharmoni. Fleire av songane på True North vert løfta fleire hakk av orkestrale grep, anten det no tilfører songane eit majestetisk sveip eller stilige kammerpopinnslag. (Arrangementa er skrivne av Kjetil Bjerkestrand.)
Då eg skreiv om fjorårets dokumentarfilm a-ha: The Movie nemnde eg kor påfallande pragmatiske dei tre i bandet verka då dei snakka om det mangeårige, kreative samarbeidet. Det er kanskje ikkje så rart, for a-ha er sjølvsagt også eit varemerke og big business. True North viser tydeleg at trioen – og sentrale folk som er med dei her, som Erik Ljunggren – veit godt korleis ein klassisk a-ha-song skal verte skrudd saman, slik at folk får det dei vil ha.
Opptrakka spor
Dermed er det lett å gå i spor som kjennest litt opptrakka, for dei som kjenner katalogen til bandet. Tittelsporet er komisk likt det på Stay On These Roads (1988), og eg er viljug til å vedde på at kvar a-ha-lyttar – alle! – straks vil høyre det. Så kan ein sjølvsagt seie at det er ein medviten referanse, nett slik årstidsmelankolien i «Summer Rain» har nokre av dei same stemningane som flotte Summer Moved On (2000), utan å kunne nærme seg å ha dei same kvalitetane (trass i tøffe tangentar som sender tankane til originalversjonen av James Bond-hiten «The Living Daylights» (1987)).
Fleire av songane på True North har både musikk og tekst av Furuholmen, og det er interessant å sjå korleis han og Waaktaar-Savoy ber vidare på ulike sider av det som er «typisk a-ha». For denne lyttaren fungerer det ikkje så godt når ein skal komme med kommentarar til vår eiga samtid i dette poputtrykket, som med «Forest For The Trees», som handlar om kor lett det er å gå seg vill i informasjonsstraumen og ikkje klare å skilje mellom det vesentlege og det uvesentlege, det sanne og det usanne – kort sagt livet i fake news-alderen.
Då høyrer a-ha betre heime i ein song som «Bluest Of Blue», med fin koring, som held seg i det mellommenneskelege feltet, og er utstyrt med ein fargesterk, biletrik tekst av biletkunstnaren Furuholmen.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.