«Nye» Elephant9
Trioen har brukt studiotida godt.
Torstein Lofthus, Nikolai Hængsle og Ståle Storløkken i «nye» Elephant9.
Foto: Christian Engfelt
Jazz
Elephant9:
Mythical River
Ståle Storløkken, hammond L100, Fender Rhodes, minimoog, arp pro soloist, piano, harpsipiano, celeste, mellotron and continuum; Nikolai Hængsle, bass; Torstein Lofthus, trommer.
Rune grammofon
Den tiande plata til trioen representerer noko nytt. Ikkje slik å forstå at bandet ikkje avslører seg ganske raskt, men det er sider ved både komposisjonane og studiolyden, ja, det totale uttrykket og lydbiletet som skil denne plata frå tidlegare produksjonar. Identiteten er i høgste grad intakt, men her er flust med nye idear i eit lydbilete som er detaljert og tydeleg.
Komposisjonane får ei tyngd og ein eigenverdi som er eineståande for Mythical River. Av dei ni førre platene er heile fire konsertopptak. Eit lydbilete der driv og energi er prioritert, og der vreng frå bass og arsenalet av tangentinstrument og overtoneregnet frå cymbalane er det som kjenneteiknar musikken til Elephant9. Mythical River er definitivt noko anna. Komposisjonane har svært ulik karakter, og arrangementa er varierte og gjennomarbeidde og utan unnatak gjennomsiktige. Musikken får nærast eit kjølig og stilisert preg.
Sjølv når musikken er som mest karakteristisk, som i «Party among The Stars», «Star Cluster Detective» og «Cavern of The Red Lion» med det litt sære temaet, er likevel uttrykket svært kontrollert. Aller best er «nye» Elephant9 i tittellåten. Både den minimalistiske oppbygginga, ditto orgel- og basspel, den pianobaserte andre delen av låten, variasjonen mellom trommesett og congas og den meditative avslutninga gjer dette til det absolutte høgdepunktet på plata.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.