Mest berre blås
Haydn og Beethoven utan fiolinar fungerer faktisk framifrå.
Det Norske Blåseensemble blir dirigert av Eivind Aadland.
Foto: Veronica van Groningen
CD
Ludwig van Beethoven, Joseph Haydn:
Klaverkonsert og symfoni
Christian Ihle Hadland, klaver; Det Norske Blåseensemble; dir.: Eivind Aadland. Simax 2023
Ein Beethoven-konsert og ein Haydn-symfoni omarbeidde for blåseensemble? Eg var spent på korleis dette læt. Men trompetisten Stian Aareskjold har lukkast med arrangementet av desse opphaveleg strykarbaserte verka, som har klår og luftig instrumentering. Det er driv over spelet til Det Norske Blåseensemble, og dirigenten Eivind Aadland handsamar kvar frase med grannsemd og finesse.
At verka er for blåseensemble, tyder ikkje at der er berre blåsarar. Her er paukar, cello og kontrabass, og i Haydn-symfonien også cembalo. Bruken av barokktrombonar og ventillause barokktrompetar og valthorn bidreg til den dynamisk balanserte ensembleklangen.
Ludwig van Beethovens (1770–1827) tragiske Klaverkonsert nr. 3 i c-moll frå kring 1800 blir teknisk sobert framført av solisten Christian Ihle Hadland, med gjennomtenkt frasering og artikulasjon. Særleg likar eg den skifterike sistesatsen, der det «smell» godt i barokktrompetane, sjølv om dei dynamiske kontrastane gjerne kunne vore større.
Dramatisk gestus
Joseph Haydns (1732–1809) Symfoni nr. 44 i e-moll frå kring 1770 er nok det stykket som fungerer best i denne typen arrangement. Verket høyrer til hans Sturm und Drang-periode. Desse «storm og trong»-symfoniane – epokenamnet er lånt frå tysk litteraturhistorie – har brå stemningsskifte og dristig harmonikk og rytmikk. Typisk er difor fyrstesatsen «Allegro con brio», som opnar med dramatisk gestus. Vide sprang blir spelte unisont av heile ensemblet, tett etterfylgde av ein melankolsk motsats.
Andresatsen, ein menuett, merkjer seg ut. Haydn har nemleg komponert denne grasiøse hoffdansen i komplisert kanonform: Toppstemma og bass-stemma har same melodi, som startar etter kvarande. Slike påhitt er typiske for Haydns musikalske humor.
Banal reklame
Omslagsteksten til dette fine albumet er diverre så skrale greier at det lyt påpeikast. Kjøper ein albumet som CD, er jo litt av poenget at ein kan bla i, og kosa seg med omslagsheftet. At Haydn kalla stykket sitt for «sorgsymfonien», som me les der, er til dømes feil. Tilnamnet kom mykje seinare. Det burde i så fall vera «sørgesymfonien»; ein seier jo ikkje «sorgmarsj», men «sørgemarsj». Me får heller ikkje mange saklege opplysningar om verka, komponistane og verkkonteksten. Det heile ber meir preg av ei rosande platemelding og banalt reklamespråk – som om det ikkje er opp til oss lyttarar å vurdera om innspelinga er god.
Skal eit slikt omslagsessay skrivast subjektivt, bør det i alle fall skrivast godt. Altså ikkje slik, til dømes: «Musikken er lett melodiøst, men de dystre undertonene slipper ikke taket, dette kunne for all del vært nåtids filmmusikk så det skaper utvilsomt nysgjerrighet, det er mer lekent, før det smeller til og setter standarden.»
Korleis kan eit tradisjonsrikt plateselskap som Simax publisera noko slikt?
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.
Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons
Elektromagnetisk krigføring
Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.
Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.
Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB
Blottet for etiske refleksjoner
Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.
Teikning: May Linn Clement
Votten
Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.
Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.
Foto: Albert Madsen
Kapital, kjærleik og Scandinavian Star
Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.