Musikk
Meininga med å verte åleine
Ei svensk legende (80) ser tilbake – men mest framover.
Georg «Jojje» Wadenius, her med meir farge i luggen enn i dag – men livet er meir enn hårfarge.
Pressefoto
Svenskane får til ein god del. Særskilt dyktige er dei til å snakke om døden. Eller meir presist: til døden. Frå Bellmans epistel ved gravstaden til Bergmans sjakkspelande riddar er svenskane nærast meisterlege i å hylle livet gjennom det sluttspelet som ein dag ventar oss alle. Med kjenslefull presisjon viser dei at også døden kan vere ein å drøse med, ikkje ein motstandar, men ein siste gjest ved bordet. Han som skal sløkkje.
Carl Georg Viktor «Jojje» Wadenius utforska dette for nesten ti år sidan, i 2016-samarbeidet med Kjetil Bjerkestrand og Bendik Hofseth, Farvel – Sanger ved livets slutt. Albumet er sett saman av instrumentale coverlåtar, med eitt unntak: På «Gråt inte för att jag är död» av Barbo Lindgren syng Wadenius.
Mange svenskar og nordmenn fødde på 1970- eller 1980-talet kjenner kanskje røysta gjennom kjenningsmelodien til den animerte dagdrøymarserien «Kalles klätterträd». På 58 sekund tek introen den lettsindige, undrande og forelska stemninga i serien – og essensen i handlinga. Eit svinsande gitarriff og ein akkurat passe ustemd vokal. Perfekt for ein serie om å vere forviten, ikkje styre så mykje – og finne kjærleiken.
Internasjonal karriere
Slik har også livet til Wadenius vore. Gjennombrotet kom med den svenske supergruppa Made in Sweden, før han la ut på ein imponerande karriere i USA. Han var gitarist i Blood, Sweat & Tears, og medverka òg for alt frå Diana Ross og Aretha Franklin til Simon and Garfunkel og Steely Dan. Ein greitt solid CV.
Den største personlege suksessen var då han fann kjærleiken, Brit Grønnevik, og flytta til Oslo.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.