Musikk
Arkivet: Funky påskekylling
Ein megahit i 1969. Design: David Krieger / The Grafitteria
Rundt 1990 sjarmerte Jim Jarmusch-filmen Mystery Train alle med blant anna ei skildring av eit japansk rockabillypar på pilegrimsferd frå Yokohama til musikkbyen Memphis.
Dit kjem dei med toget, og på jernbanestasjonen støyter dei på ein eldre herre som spør om fyr til sigaren. Mannen med sigaren blir spelt av rhythm & blues-legenden Rufus Thomas, som då var godt over sytti. Alt på trettitalet steppa og song han med dobbeltbotna humor for segregerte sørstatspublikum i omreisande vaudevilleshow.
I 1948 blei han ein sensasjon over natta som DJ med daglege sendingar på den nystarta svarte radiostasjonen WDIA i Memphis. Med det siste i rhythm & blues helsa han lydarane med «I’m loose as a goose and full of juice/ I got the goose and what’s the use?»
Snart var han sjølv på hitlistene med «Bear Cat», før han på sekstitalet blei ein av dei første og største hitleverandørane i stallen til soulselskapet Stax i Memphis. Låtar med dyr i titlen, som «Walking the Dog» og «Can Your Monkey Do the Dog», hadde røter i det gamle vaudevillerepertoaret.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.