Musikk
Lykkeleg cellist med store tankar
Tabita Berglund, sjelefiskar og ny sjefdirigent for Bergen Filharmoniske Orkester, vil slå eit slag for norsk og nordisk musikk, ikkje minst den nye som så få har høyrt.
Tabita Berglund blir ny dirigent for Bergen Filharmoniske Orkester i 1927.
Foto: Oddleiv Apneseth
For Tabita Berglund, som fyller 37 år 28. mars, er ikkje musikk berre musikk; det er òg noko større. Når musikken treffer folk i sjela, kan det ho kallar livsendrande augeblikk oppstå. Den nye sjefdirigenten fortel at ho sjølv har hatt ei slik oppleving.
– Eg gjekk inn i ein konsertsal, lytta til eit stykke musikk og gjekk ut som eit litt anna menneske fordi den musikken trefte eit eller anna i meg. Eg trur musikk kan gjere oss til betre menneske, og at det var noko slikt eg opplevde den gongen.
– Kan du gjere greie for dette på forståeleg vis?
– Det var som om alt i rommet gjekk opp i ein høgare einskap – publikum, musikarar, dirigent, rommet, alt smelta saman. Da er det ikkje lenger orkesteret som speler musikken, men musikken som speler oss. Da skjer det ting i sjela mi.
– Ingen dirigentdraum
Til august 2027 er ho berre påtroppande sjefdirigent, tida imellom treng ho for å avvikle stillingane som første gjestedirigent i Detroit Symphony Orchestra i USA og Dresdner Philharmonie i Tyskland, i tillegg til ei rad andre oppdrag ho har forplikta seg til.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.