Kulturkommentar
Etter 31 år har den svenske artisten Robyn framleis ei særstilling i popmusikken.
Sjølv om ho aktivt har valt bort å vere superstjerne, har ho likevel klart å byggje ein sterk global fanskare som ikkje bryr seg om det går årevis mellom kvar nye utgjeving. Det nye albumet hennar er Robyn på sitt mest særeigne, men viser òg kvifor me skal halde fram med å bry oss – og at heile karrieren hennar har leidd fram til dette albumet.
Eit minne frå Øyafestivalens fredag i 2010: Folk med skinnjakke og svart bukse, primært menn, har dominert Middelalderparken denne dagen. Når konserten til hovudartisten nærmar seg, skjer det noko merkeleg. Dei svartkledde mannfolka vert fasa ut. I staden vert den skakke grassletta framfor hovudscena fylt med korthåra jenter med korte jakker.
Dei ser til forveksling ut som hovudartisten, Robyn. I 2010 gjorde ho noko så uhøyrt som ikkje å gje ut eit album, men i staden spreie musikken over tre EP-ar gjennom året. Slik klarte ho å få merksemd lenge, ikkje minst på grunn av dei enorme hitane frå EP-prosjektet: «Indestructible», «Call Your Girlfriend» og «Dancing on My Own».
Den siste låten peikar inn i fleire delar av Robyns – Robin Miriam Carlssons – liv og karriere. Ein melankolsk nattklubblåt der synthbassen drillar seg gjennom vers og refreng i ei tekst som handlar om å vere den som vert forlaten, ikkje berre på dansegolvet, men i livet. Men òg om å velje å fortsetje å danse åleine.
Det har Robyn gjort sidan ho dukka opp som 15-åring med den smått enerverande «Do You Really Want Me (Show Respect)», før ho få år seinare gjorde det kjempestort i både Sverige og USA med låtane «Show Me Love» frå filmen Fucking Åmål og «Do You Know (What It Takes)» – har du det som skal til?
Her skjer eit avgjerande skilje.
Begge desse låtane er skrivne og produserte saman med Max Martin. Videoen verkar nesten som ein harselas med amerikanske musikkvideoar på den tida, men det er låten som er viktig i denne historia. Om ein bryt han ned til instrumenta, ligg byggjesteinane til det som skulle bli den første verkeleg store Max Martin-låten der. Den låten Robyn ikkje var interessert i, og som vart omskriven til «…Baby One More Time», og gjorde Britney Spears til eit fenomen.
Sidan den gongen har Max Martin vorte sjølve definisjonen på kommersiell pop. Frå Britney Spears og Backstreet Boys til Taylor Swift og The Weeknd: I snart 30 år har svensken skrive og produsert låtar som har sett standarden for korleis pop skal høyrast ut. Det som ein gong var byggjesteinar i låtar Robyn takka nei til, har vorte til eit system, ein metode som dominerer hitlistene. Der Robyn valde bort den kortaste vegen, gjorde Max Martin han om til ein fleirfelts motorveg.
Likevel er ikkje dette den einaste staden Robyn og Britney har vore i nærleiken av kvarandre. Då Britney skulle ta eit oppgjer med merksemda, paparazzoar og alt det som følgjer med å vere ei superstjerne i 2007, kom ho med låten «Piece of Me». Om ein høyrer etter i refrenget, er andre og fjerde «You want a piece of me»-koret røysta til Robyn.
Den første og tredje røysta tilhøyrer Klas Åhlund, ein stockholmar som kan finne på å introdusere seg som «den andre medlemmen i bandet Robyn». Han har vore ved Robyn si side i over tjue år, og er eit godt døme på at ein ikkje alltid skal endre noko som ikkje er øydelagt. Det er dette samarbeidet som har gjort Robyn til artisten som aldri vel enklaste vegen, men som får noko att for det kvar gong.
Det nye albumet Sexistential er nok eit slikt grep. Plata har ni elektroniske songar, produserte ganske hardt og mørkt. Tittellåten er ein av få, moglegvis den einaste, som handlar om å få born åleine med hjelp av kunstig befruktning, og samstundes vere på jakt etter ein mann for kvelden på sjekkeappen Raya. Det er ei forteljing om å verte mor, men like mykje ei forteljing om å verte dumpa samstundes som eins eiga mor ringjer og lurer på korleis det går («Really Real»). Ei forteljing om å vere i midten av førtiåra og ha enorm lyst på både livet, musikken og andre menneske. Sjølv har ho kalla det ei plate om å vere kåt, men i ei brei tilnærming.
Plata er trassig i synet på nyting, behov og mjukskap. Ho er direkte på ein måte som kan få lyttaren til å kjenne seg både reservert og tilbakehalden. I alle fall ubudd.
Om ein ser tilbake på alt oppstusset rundt Madonna i overgangen mellom åtti- og nittitalet, er det mykje av det same Robyn er inne på, men det framstår ikkje som eit forsøk på å vere kontroversiell. Det er heller ei kjensle av at ho ikkje har noko å tape. At ho veit kva som skal til.
Kvifor bruke tid på å late som for folk som ikkje forstår det, eller halde seg til eit manus som ikkje gjev meining for deg?
Dette er òg eit album der låten «Be Mine» frå 2003 vert gjendikta til eit verk der noko som liknar riffet frå Kraftwerk-låten «The Robots», møter noko nytt. Andre verset er i alle fall første gongen eg har høyrt ein poptekst om amming. Men her er òg nydelege, vare popsongar som «It Don’t Mean A Thing», «Light Up» og det første samarbeidet med Max Martin sidan Britney Spears gjorde han til ei musikalsk superkraft.
Det er mykje som kjem i ein slags sirkel på dette albumet. Det viktigaste er at Robyn framleis ikkje gjer som nokon forventar av ho. Ho dansar framleis best åleine.
Om det er på eit dansegolv eller ein annan stad, spelar mindre rolle.