Musikk
Meditativt og melankolsk
Duoen byr på eit utsøkt repertoar og heilskaplege tolkingar.
Njål Ølnes og Ole Fredrik Norbye er inspirerte av fuglar.
Ole Fredrik Norbye og Njål Ølnes driv båe med kunstnarleg vekselbruk mellom forsking, undervising og ein karriere som utøvande musikarar. Gjennom mange timars øving har dei utvikla eit samspel og raffinert eit repertoar som er ei fin blanding av eigne komposisjonar og andre sine.
Plata har tittel etter Ornette Colemans låt «Bird Food» frå Change of the Century. Fuglen er eit gjennomgangsmotiv i heile repertoaret, men gjerne den fridomen dei opplever at fuglens flukt representerer, illustrert med diktet «Eternity» av William Blake: «He Who Binds Himself a Joy/ Doth The Winged Life Distroy./ But He Who Kisses the Joy as It Flies,/ Lives in Eternity’s Sun Rise.» Ei poetisk hylling til improvisasjonen, kan ein kanskje seia.
Prosjektet til Ølnes og Norbye har likevel ikkje berre eller i hovudsak fokus på det improviserte elementet, men heller korleis tema og improvisasjon dannar ein heilskap. Dave Hollands «Four Winds» (frå Conference of The Birds, 1972) er eit glimrande døme på dette. Temaa er ikkje ein musikalsk trampoline for improvisert akrobatikk, men ein naudsynt del av ein samla manifestasjon.
Dei har lagt sin elsk på saktare tempo, og det meditative i musikken er framståande. Dette hindrar ikkje Ølnes i frå tid til anna å varta opp med glødande intensitet i spelet sitt, heile tida kontrollert, rett nok. Det meditative og det at dei rett som det er minner oss om at det er fyr på peisen, skapar ei fin spaning i musikken.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.