Politikk

Blokkpolitikk i vår tid

Sverigedemokraterna blir lova plass i ei komande regjering, og etter ein historisk klem er den borgarlege blokka endå meir samansveisa.
  

STOCKHOLM, SVERIGE 20260401. Moderaternas partileder Ulf Kristersson (M) og Sverigedemokraternas partileder Immie Åkesson (SD) holder en felles pressekonferanse på Hotel Skeppsholmen onsdag.Foto: Anders Wiklund/TT / NTB
Statsminister Ulf Kristersson og Sverigedemokraternas partileiar Jimmie Åkesson under pressekonferansen 1. april, der dei kunngjorde at dersom riksdagsvalet i september går vegen for dei, skal SD gå inn i den borgarlege regjeringa med Kristersson som statsminister.
Publisert Sist oppdatert

To blokker, to statsministerkandidatar, eit tydeleg val. Samtidig som danske politikarar må forhandle om fantasifulle regjeringskoalisjonar etter det uklare valresultatet den 24. mars, har blokkpolitikken styrkt seg i Sverige.

Den 1. april blei nemleg dei borgarlege partia endå meir samansveisa. Då heldt statsminister Ulf Kristersson pressekonferanse saman med Jimmie Åkesson, leiaren for Sverigedemokraterna. Dei to partileiarane kom med ei kunngjering: Dersom riksdagsvalet i september går vegen for dei, skal ikkje Sverigedemokraterna (SD) lenger vere støtteparti, men gå inn i den borgarlege regjeringa med Kristersson som statsminister.

«SD vil få stor innverknad på politikken som blir ført, og dei vil få viktige ministerpostar. Det vil vere naturleg at det då er snakk om integrasjon og innvandring», uttalte Ulf Kristersson, ifølgje Sveriges Television.

Ved valet i 2022 fekk dei tre borgarlege regjeringspartia – Moderaterna, Kristdemokraterna og Liberalerna – røystene til nøyaktig 30 prosent av veljarane. Sverigedemokraterna fekk ein oppslutnad på 20,5 prosent, og støtta frå det høgreradikale partiet har vore ein føresetnad for den borgarlege regjeringa i tre og eit halvt år.

No opna Ulf Kristersson døra til ministerkontora, og Jimmie Åkesson kvitterte med ei fråsegn som la eit visst press på Kristersson: «Dette vil nok veljarane bli glade for å høyre. Vi har vore tydelege på at vi etter det neste valet anten kjem i regjering eller går i opposisjon.»

Den oppsiktsvekkjande framgangen som Sverigedemokraterna har hatt sidan Jimmie Åkesson tok over som partileiar i 2005, er dermed snart fullkomen. Dei har stadig erobra veljargrupper og har blitt respektable: Frå å vere ei høgreekstrem sekt rykte dei inn i riksdagen i 2010. Og no er dei det nest største partiet og ein sannsynleg regjeringspartnar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement