Makelaus trio
Plata er ein sann svir frå første til siste kutt.
Gard Nilssen har med seg André Roligheten og Peter Eldh i trioen sin.
Foto: Harfouche
Jazz
Gard Nilssen Acoustic Unity:
Elastic Wave
André Roligheten, sopran, tenor og bassaks og klarinett, Peter Eldh, bass og Gard Nilssen, trommer.
ECM
Den fjerde plata til Gard Nilssen Acoustic Unity kjem ut på ECM, men alt er som det har vore. Dette er rett og slett det beste du får av jazz no om dagen. Jazzsoga kan visa til mange legendariske saksofon-, bass- og trommetrioar, og denne trioen har allereie skrive seg inn i dette manntalet. Elastic Wave meir stadfester posisjonen.
Naturleg heilskap
Alt dei spelar, høyrest så lett, naturleg og avslappa ut, men det dei held på med, er særs krevjande. Ideane og innfalla kjem til tider tett som hagl, men alt inngår i ein naturleg heilskap. Dei meistrar den virtuose leiken, men kan i neste augneblinken servera det enkle og vemodige. Trioen utstrålar ein sjeldan kollektiv autoritet.
Sjølvkomponert
Repertoaret er sjølvkomponert, og alle tre leverer. Ein del av låtane har eit stenk av Ornette Coleman over seg, som til dømes Nilssen og Rolighetens «Acoustic Dance Music» og «Influx Delight», medan balladane til Roligheten «Cercle 85» og «Til Liv» har andre inspirasjonskjelder.
I låtane Nilssen har signert aleine, er smilet og glimtet i auge aldri langt unna, men han har også gjeve oss platas såraste og vakraste låt, «Lokket til Jon og skjerfet til Paul» (Jon Christensen og Paul Motian, og nokon skulle lura). Ein av favorittane mine er Eldhs «Altaret». Låten oppsummerer på transparent vis alt det denne trioen står for. Dette er definitivt ein kandidat til årets plate.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.