JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Livet og Tiff

Det skadar ikkje at ein i mørkaste januar kan oppsøka den mørkaste landsdelen og sjå lyset, opptil fleire gongar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Frå utstillinga på Aurora Kino.

Frå utstillinga på Aurora Kino.

Foto: Brit Aksnes

Frå utstillinga på Aurora Kino.

Frå utstillinga på Aurora Kino.

Foto: Brit Aksnes

3615
20230120

Tiff

Tromsø Internasjonale Filmfestival går føre seg i dagane 16.–22. januar i år.

Festivalen har vore avvikla årleg kvar januar sidan 1991.

Han viser 175 titlar totalt (100 langfilmar).

I 2020 hadde han 68.554 i totalt besøk.

Det skal seiast: Eg forbinder filmfestivalar hovudsakleg med ei endelaus rekkje nedslåande, deprimerande, slag-i-magen-realistiske, opprivande filmatiske påminnarar om at verda går til helvete med sjumilssteg.

Kanskje eg berre har vore heldig, kanskje eg har styrt unna med vilje, kanskje filmprodusentar rundt om også har hatt behov for å formidla det lyse og det gode i menneska, men eg har aldri sett så mange oppløftande filmar på ein festival som dei på årets filmfestival i Tromsø. Gudane og menneska skal vita det har vore og er nok faenskap å ta av dei siste par åra, men i røynda, som på film, går sorg og glede side om side.

Å leva vidare

Det har ikkje skorta på dokumentarar og podkastar om Alta-saka, aksjonane for å verna Alta–Kautokeino-vassdraget og det vesle samiske samfunnet Masi. Men no har den originale regissøren Ole Giæver laga fiksjonsfilm av emnet, noko som ytst naturleg er valt til å vera årets opningsfilm på Tiff.

La elva leve (orig.tittel Ellos eatnu) klarar kombinera norsk folkeopplysning med underhaldning à la amerikanske borgarrettsdrama. Så er det heller diverre ikkje langt unna uretten svarte i USA opplevde til altfor langt opp mot og i notida, til liks med det samane har opplevd og opplever. Og for nokre skodespelarprestasjonar! Ikkje minst frå strålande Ella Marie Hætta Isaksen som nølande demonstrant, Ester og Gard Emil som syskenbarn og aktivist Mihkkal. Lukke til med å ikkje verta rørt og riven med!

Ella Marie Hætta Isaksen er strålande i rolla som nølande demonstrant, skriv Brit Aksnes.

Å leva ei stund til

Bill Nighy har hausta lovord i rolla som Mr. Williams i Oliver Hermanus’ nyinnspeling av Akira Kurosawas Ikiru (sjå notis). Eg synest det er fascinerande kor tru mot originalen Living er, med eit kjedeleg unntak av at den opphavlege herr Watanabe har visse usympatiske trekk som Bill Nighy mest sannsynleg har fått klar beskjed om at han ikkje skal vidareformidla. Dermed blir det (sjølvsagt) ein noko bleikare versjon enn Ikiru. Men eit fullsett Fokus 1 i Tromsø lo og grein, så det er lov å høyra meir på dei enn meg.

Ut frå at salen var mindre fullsett under La Maternal (regi: Pilar Palomero), så får de ta meg på ordet når eg seier at denne oppvekstfilmen om fjortenårige Carla som blir gravid og endar på heim for andre jenter i same situasjon, var litt av ei sjarmbombe. Både Carla, strålande spelt av Carla Quilez, og dei andre unge jentene gjev nydelege, sterke ansikt til tenåringsmødrer og lagnadene deira.

Carla Quílez spelar hovudrolla som ung mor i filmen til Pilar Palomero.

Foto frå filmen

Å leva som ein vil

Ingen er fri før alle er fri – så enkelt kan Joyland (regi: Saim Sadiq) oppsummerast. Dette komplekse familiedramaet lagt til Lahore maktar samtidig å få fram romslege, rause innstillingar til å vera annleis enn det ein gjerne forbinder med det pakistanske samfunnet. Her er varme, latter og seksuell energi som sjølvsagt fungerer som ekstra påminnarar om kor universelt det er å føla tiltrekning og kjærleik for andre menneske, noko som trassar både alder, legning og patriarkat.

Skal du sikra deg ei visning av Joyland, må du stilla deg i rushkøen – dette særeigne systemet Tiff har med utselde visningar. Til tider står køen for uavhenta billettar langt ut i det kalde, mørke gatene i Tromsø – for denne vil ikkje den ventinga vera forgjeves.

Filmen til Saim Sadiq er Pakistans kandidat til beste internasjonale film på Oscar-utdelinga i år.

Foto: Joe Saade

Brit Aksnes

Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis