Septembertestamentet 500 år
Martin Luthers omsetjing frå grunnspråket til folkespråket representerer starten på moderne bibelomsetjingsarbeid.
Utsnitt av det første kapittelet i Johannesevangeliet i Martin Luthers omsetjing av Det nye testamentet.
Søndag 21. september 1522 kom det ei ny bok frå trykkeriet til Melchior Lotter. På det dekorerte tittelbladet stod berre tittelen, Das Newe Testament Deutzsch, og utgivarstaden, Wittenberg i Tyskland. I løpet av tolv vinterveker hadde Martin Luther omsett heile Det nye testamentet frå gresk til tysk medan han sat i «indre eksil» på borga Wartburg.
Ei iscenesett «bortføring» hadde ført han trygt dit etter at han var blitt bannlyst av paven og lyst fredlaus av keisaren i 1521. Våren 1522 kom Luther heim att til Wittenberg og arbeidde vidare med omsetjinga saman med kollegaer. Og tidleg på haustparten kom 3000 eksemplar av Septembertestamentet i sal. Opplaget var fort utselt, og ei ny utgåve kom alt i desember same året.
På dette tidspunktet låg det alt føre meir enn 70 ulike omsetjingar til tysk av større eller mindre delar av Bibelen. Så kva er det som har gitt akkurat Luthers omsetjingsarbeid ein så eineståande plass i kyrkjehistoria og språkhistoria? I Tyskland kjem «Lutherbibelen» framleis ut i nye utgåver, den nyaste revisjonen er frå reformasjonsjubileumsåret 2017.
Ein kan peike på minst fire grunnar til denne posisjonen.
Til kjeldene
Var Luther eit renessansemenneske? Ein kan diskutere i kva grad han var ein del av denne kulturelle og intellektuelle rørsla, men det karakteristiske renessansemottoet «Til kjeldene» delte han. I tilfellet Bibelen handla «kjeldene» om Det gamle testamentet og Det nye testamentet på grunnspråka hebraisk og gresk. Ein ville kome bak den latinske standardomsetjinga Vulgata, som var kyrkjebibel i Den katolske kyrkja, og tilbake til det ein rekna som grunntekstane.
Den lærde Erasmus hadde nyleg gitt ut ei av dei første vitskaplege utgåvene av den greske teksten til Det nye testamentet, og Luther nytta denne utgåva som grunnlag for omsetjinga si. Alle dei eldre omsetjingane til tysk hadde bygd på den latinske bibelen.
Luthers omsetjing frå grunnspråket til folkespråket representerer starten på moderne bibelomsetjingsarbeid. Prinsippet blei vidareført i omsetjinga Luther og medarbeidarane hans gjorde av den hebraiske bibelen, Det gamle testamentet. Heile Bibelen var ferdig omsett i 1534. Den reviderte utgåva frå 1545 fekk eit langt liv som tysk standardbibel. Dette var òg noko av det siste Luther fekk vere med på, han døydde året etter.
Eit felles skriftspråk
Tyskland på 1500-talet var mangfaldig, både politisk og språkleg. Det fanst eit mangfald av dialektar, og tysk skriftspråk var lite standardisert. Det lutherske bibelomsetjingsarbeidet fekk mykje å seie for utviklinga av eit felles tysk skriftspråk. Kurfyrstedømet Sachsen, der Luther heldt til det meste av livet, låg nær språkgrensa mellom dei to hovudvariantane av tysk talespråk, høg- og lågtysk. Det gav gode føresetnader for utvikling av eit «gjennomsnittstysk» skriftspråk, om enn på eit høgtysk grunnlag.
Ein kan rett nok diskutere den kortsiktige effekten. Ei sørtysk utgåve av nytestamentet utgitt i Basel i 1523 måtte utstyrast med ei ordliste på åtte sider med forklaring av vanskeleg forståelege ord. Og ei eiga lågtysk utgåve av nytestamentet kom ut i 1524. I eit meir langsiktig perspektiv er det likevel dekning for påstanden om påverknaden frå Lutherbibelen på tysk språkutvikling.
Den vanlege mann
«For ein må ikkje spørje bokstavane i det latinske språket korleis ein skal snakke tysk, slik desse esla gjer. Ein må spørje mora i heimen, barna på gata, den vanlege mann på torget, sjå på munnen korleis dei snakkar, og omsetje etter det. Så forstår dei det og skjønar at ein talar tysk med dei.»
Denne passasjen, frå eit polemisk Luther-brev mot kritikarar av omsetjingspraksisen hans, er sitert i alle innføringsbøker i omsetjarfaget. Den set ord på den kanskje viktigaste suksessfaktoren til Lutherbibelen. Luther blir ofte halden fram som representant for ein «heimleggjerande» omsetjingsstrategi: Det gjeld å formidle innhaldet i teksten i ei språkdrakt som er mest mogleg naturleg og forståeleg for lesaren.
Det handlar om, for å sitere ein seinare omsetjingsteoretikar, 1800-talsfilosofen og teologen Friedrich Schleiermacher, å «flytte teksten i retning lesaren». Ein motsett «framandgjerande» strategi ville vere å «flytte lesaren i retning teksten». Da har lojaliteten mot opphavsteksten høgste prioritet. Dette kan ein òg finne mange døme på, ikkje minst når det gjeld heilage tekstar som Bibelen.
Musikalitet
Men suksessen til Lutherbibelen handlar òg i høg grad om litterære kvalitetar. Luther hadde ei heilt spesiell språkkjensle, ein musikalitet som kom til uttrykk på mange nivå i språket, i ordval, i setningsbygnad, i form av nyord og formuleringar som nærast har blitt for ordtak å rekne.
Eit døme på Luthers omsetjingsprosa kan vi hente frå juleevangeliet i Lukasevangeliet kapittel 2, introduksjonen til gjetarane på marka som vaktar småfeet sitt, dei som straks skal få oppleve englesongen: «Und es waren Hirten in derselbigen Gegend auf dem Felde bei den Hürden, die hüteten des Nachts ihre Herde».
Bokstavrimet med alle h-orda er eit særleg tydeleg verkemiddel, men òg vokalfargane og ikkje minst tekstrytmen gir teksten musikalsk form. Så er da dette òg tekstgrunnlaget for Bachs «Juleoratorium».
språkutvikling
Lutherbibelen er eit tidleg døme på korleis bibelomsetjing kan påverke språkutvikling, men langt frå det einaste. Den engelske omsetjinga som gjerne går under namnet «King James Version» frå 1611 har hatt enorm verknad på engelsk språk og litteratur. Luther inspirerte til ei bølgje av bibelomsetjing til europeiske folkespråk. Heile Bibelen låg føre både på svensk, dansk og islandsk alt i løpet av 1500-talet, på finsk det følgjande hundreåret – men ikkje på norsk. Til Noreg kom Bibelen på dansk, med Christian 3.s danske bibel frå 1550.
Men i utviklinga av eit eige norsk skriftspråk, til skilnad frå dansk, frå siste halvdel av 1800-talet av har bibelomsetjing spela ei vesentleg rolle. Det gjeld særleg på den nynorske sida, først med omsetjinga av Det nye testamentet som Elias Blix, Ivar Aasen og medarbeidarar gjorde på 1880-talet, så med «Fyrebilsbibelen» frå 1921 og seinare fullstendige nynorske bibelutgåver. Og den dag i dag gir bibelomsetjing viktige bidrag til vern, vitalisering og nyskaping av minoritetsspråk som lule- og sørsamisk.
Anders Aschim
Anders Aschim er professor ved Høgskolen i Innlandet.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.