Leik som funkar
Alle funksjonsvariantar lever som rockestjerner i denne vittige westernmusikalen.
Ordføraren i Megatown (Elise Lindaas) med assistenten (Linda Veberg Lund).
Foto: Tickgarden
Musikal/Komedie/Western
Regi: Mattias Høyem, Frøydis Fossli Moe, Kjetil Sviland
Megatown
Med: Megabandet
Kinofilm
Ein mangfaldig gjeng nyt dagane i Megatown, der alle støtt syng søtt, takk vere magiske urter. Så dukkar skurkar opp for å stele det grøne gullet. Ein slakk sheriff, helten Hero og ei uventa modig forelska frøken lyt til pers.
Normcore
Skodespelarane i Megatown er frå Megabandet, eit band frå Drammen som etter eiga utsegn er eit tilbod for utviklingshemma med over 60 medlemmar. Filmen er ifølgje produsentane unik i at alle dei berande rollene er spelte av folk med ei eller anna funksjonsnedsetting.
Historia er som ein standard western, krydra med romantikk og komikk. Musikken av Dissimilis-guru Øystein Remme er enkel og fengjande i køntritradisjon. Songane kjem tett.
Elles lirar folk replikkar av seg med klar tale og glimt i auga. Linjene vekslar mellom det naivt trauste og det overrumplande morosame, gjerne med ein solid dose sjølvironi. Humoren er underfundig. «Å, det er fyrste gongen nokon har omtala meg som normal», seier ein kar. Bøddelen John Blund er sliten av å ta livet av folk. Han orsakar at reipet er ruglete og slår av ein spøk i ånda til Monty Python.
Freaks
Megatown feirar mangfald. Filmen er ein fjern slektning av Freaks (1932) av Tod Browning. Ein bør ikkje forvente korkje song à la Lady Gaga, kule kisar som Clint’n eller at nokon har talegåvene til Eddie Murphy, men eg koste meg. Filmteamet har leika seg med ein svensk moropark som kulissar. Dei ser ut til å nyte opplevinga.
Dette er ikkje ein vanleg film. Det hadde vore keisamt. I staden får vi ein kjekk leik med kjærleik til film, musikk og vitsar.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.
Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB
Alt dette var ikkje nødvendig
Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.
Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?
Foto: Terje Pedersen / NTB
Ferdigmiddag
Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon.
Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.
Foto: Jeff Dean / AP / NTB
Val på kanten av stupet?
– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.
29 kvinner i Kremenets-regionen har fått førarkort for traktor dei seinaste vekene.
Foto: Efrem Lukatsky / AP / NTB
Traktorar og forrædarar
I staden for ei fredeleg våronn må Ukraina forsvare seg mot den russiske våroffensiven.
Eugénie arbeider som kokk for den vidgjetne restauranteigaren Dodin i 20 år. Den felles kjærleiken dei har til mat, skapar unike retter som tiltrekkjer seg menneske frå heile verda.
Foto: Carole Bethuel