JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunstMeldingar

Sjå mot Bodø!

I år må alle kunstinteresserte få seg ein tur nordover.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Batia Suter: «Octahedral».

Batia Suter: «Octahedral».

Foto: NOUA

Batia Suter: «Octahedral».

Batia Suter: «Octahedral».

Foto: NOUA

1649
20240301
1649
20240301

Bodø er som kjent europeisk kulturby i år, saman med Tartu i Estland og Salzkammergut i Austerrike. Bodø2024 byr på meir enn tusen arrangement fordelt utover året, og fleire handlar om kunst. Dette er det desidert største kulturprosjektet som nokon gong har funne stad i Nord-Noreg.

Rekk du opp før 7. april, må du få med deg utstillingane til samiske Iver Jåks og norske Gunvor Nervold Antonsen i Stormen kunst og i areala til biblioteket.

Fram til 30. mars er det ein fint montert installasjon i Galleri NOUA. Sveitsiske Batia Suter projiserer bilde henta frå gamle bøker og tidsskrift på komplekse arkitekturelle konstruksjonar laga særskilt for utstillinga.

«Fangst», glas og tradisjonelle knyteteknikkar på garn  og glaskavlar, 2023.

Foto: Benjamin Slotterøy

Det er også bryet verdt å besøke Kulturbadet galleri, som ligg i Sandnessjøen midt på helgelandskysten. Benjamin Slotterøy er første utstillar i utstillingstrilogien ARTICulation, som spenner over heile året. Fram til 16. mars kan vi sjå vakre, runde former av svart glas, inspirerte av handverkstradisjonar frå kystkulturen, som flaskepostar frå havet.

Programmet vidare utover året er like spennande, det er berre å følgje med på heimesida til Bodø2024.

Det er snart førti år sidan ordninga med årlege kåringar av europeiske kulturhovudstader vart utvikla. Ut frå eit sinnrikt rotasjonssystem har kvart land høve til å fremje kandidatane sine eitt bestemt år. Søknadene vert vurderte av ein uavhengig jury som består av fagfolk frå kultur, kreativitet, urbanisme og samfunnsutvikling. Juryen er peikt ut av EU, og det er rådsmøtet til kulturministrane i EU som står for sjølve utveljinga av byane.

Eva Furseth

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis