Spanande klangunivers
I Like to Sleep har laga ei mangfaldig plate.
Nicolas Leirtrø, Øyvind Leite og Amund Storløkken Åse utgjer trioen med namnet I Like to Sleep.
Foto: Sigrid Erdal
Rock / jazz
I Like to Sleep:
Bedmonster’s Groove
Amund Storløkken Åse, vibrafon, mellotron, Oberheim OB8 og perkusjon; Nicolas Leirtrø, barytongitar, bass og perkusjon; Øyvind Leite, trommer. All Good Clean Records
Den trondheimsbaserte trioen har halde på i mest ti år, og Bedmonster’s Groove er det fjerde albumet deira. Dei sju låtane har dei laga i fellesskap. Materialet spenner frå den korte og stramt arrangerte låten med den presise tittelen «Sleepwalking» og den todelte «Oldschool», innleiingsvis med ein markant trommegroove sett opp mot eit saktmodig tema spelt på vibrafon, til dei meir samansette «Bedmonster’s Groove» med plenty rom for improvisasjon og den ganske så frie «Ode to Paralysis». Improvisasjon og utforsking av klangar står i sentrum i låten «Pillowscreamers».
Trioen har jobba repertoaret fram i mange og lange økter i øvingslokalet på Nyhavna. Klangpaletten er utvikla og utvida og blir brukt med solid formsans. Aksen mellom trommer og vibrafon er sentral i uttrykket til trioen, der Leirtrø syter for eit solid fundament for dialogen mellom Åse og Leite. Dette manifesterer seg til perfeksjon på platas absolutte høgdepunkt: «Our Neighbourhood».
Plata er innspelt i Øra studio av Kyrre Laastad. Han har også miksa. I Laastad har Noreg fått ein lydteknikar og produsent i internasjonal klasse. Her er han på sitt aller beste. Her blir trøkk og intensitet kombinert med eit krystallklart lydbilete. Det er heller ikkje feil at Helge Sten har mastra plata.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Rock / jazz
I Like to Sleep:
Bedmonster’s Groove
Amund Storløkken Åse, vibrafon, mellotron, Oberheim OB8 og perkusjon; Nicolas Leirtrø, barytongitar, bass og perkusjon; Øyvind Leite, trommer. All Good Clean Records
Den trondheimsbaserte trioen har halde på i mest ti år, og Bedmonster’s Groove er det fjerde albumet deira. Dei sju låtane har dei laga i fellesskap. Materialet spenner frå den korte og stramt arrangerte låten med den presise tittelen «Sleepwalking» og den todelte «Oldschool», innleiingsvis med ein markant trommegroove sett opp mot eit saktmodig tema spelt på vibrafon, til dei meir samansette «Bedmonster’s Groove» med plenty rom for improvisasjon og den ganske så frie «Ode to Paralysis». Improvisasjon og utforsking av klangar står i sentrum i låten «Pillowscreamers».
Trioen har jobba repertoaret fram i mange og lange økter i øvingslokalet på Nyhavna. Klangpaletten er utvikla og utvida og blir brukt med solid formsans. Aksen mellom trommer og vibrafon er sentral i uttrykket til trioen, der Leirtrø syter for eit solid fundament for dialogen mellom Åse og Leite. Dette manifesterer seg til perfeksjon på platas absolutte høgdepunkt: «Our Neighbourhood».
Plata er innspelt i Øra studio av Kyrre Laastad. Han har også miksa. I Laastad har Noreg fått ein lydteknikar og produsent i internasjonal klasse. Her er han på sitt aller beste. Her blir trøkk og intensitet kombinert med eit krystallklart lydbilete. Det er heller ikkje feil at Helge Sten har mastra plata.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.
Foto: Andreas Roksvåg
Syltynt
E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.