Krigstypar i krigstypar
Gulltransporten er farleg nær karikatur, sjølv etter norsk krigsfilmstandard.
Fredrik Haslund (Jon Øigarden) og systera Nini Haslund Gleditsch (Ida Elise Broch) ser ut til å vera i fare.
Foto: 74 Entertainment
Krigsdrama
Regi: Hallvard Bræin
Gulltransporten
Med: Jon Øigarden, Eivind Sander, Ida Elise Broch, Morten Svartveit, Sven Nordin
Viaplay
April 1940, tyskarane kjem, og ei av dei viktige prioriteringane til regjeringa blir å få flytta statens gullreservar til ein stad det kan oppbevarast trygt. Til å leia aksjonen set finansminister Torp inn Arbeidarpartiets partisekretær, Fredrik Haslund (Øigarden).
Regissert
«Så hva trenger vi», spør sentralbanksjef Rygg. «Et mirakel», svarar ein fyr i uniform. Verkeleg? Snakkar nokon nokosinne slik? Det har ikkje gått stort meir enn fem minutt, og dialogen har gått så i stå at det kan knapt reddast inn. Det gjer det heller ikkje.
Noko av det svakaste med norsk film, for å generalisera, har definitivt gått på dialog og naturleg framføring av samtale – oppstylta heilsetningar ytra utan avbrot eller nøling. Særleg parodisk framstår det sjølvsagt viss ein tenkjer på gamle filmar eller Fjernsynsteatret. Kanskje det er den effekten manusforfattarane i Gulltransporten ville få fram?
No skal ein kan henda ikkje berre klandra skribentane, for regien ligg så tungt på scenene at ein knapt får pusta. Her har me ei røys med kjende skodespelarar som framfører linjene sine som om det var ei skuleframsyning, og eg kjenner skuldrene hevar seg og hendene kryp opp til kinna mens eg krympar meg.
Ære og avmakt
«Jeg er tilbake om et par timer, jeg lover.» Alle – ALLE! – veit at dette er filmsk for «eg skal på ingen måte halda det eg lovar». Og manuset har så mange slike frampeik at det blir komisk. Rett nok har regissør Hallvard Bræin både Olsenbanden – siste skrik og Børning-filmane på samvitet, men det var neppe komedie han hadde i tankane då han laga Gulltransporten.
Eg prøver så godt det lèt seg gjera å tenkja at Fredrik Haslund og systera Nini (Broch) ikkje var så karikerte i røynda, men slaget er tapt når det gjeld major Bjørn Sunde (Sander). Det er som om kaptein Sabeltann har teke på seg andre verdskrig-uniform. «Jeg puster krig!» utbryt han mens han sperrar opp auga og set dei i Haslund, som uaffektert som den uaffekterte mannen han er, berre ser roleg på han.
Det er MAKTKAMP mellom dei to mennene. Og Nini RØYKER, og Sven Nordin er TØFF. Og Nordahl Grieg er NORDAHL GRIEG.
Gråstein
Eg forstår godt at det kjem film om gulltransporten frå april 1940, alle elementa for klassisk krigsfilm ligg til rette for det, utan å overdriva stort. Nettopp overdrivinga gjer at eg blir usikker på kva som stemmer historisk. Det er no uansett underordna i filmar baserte på sanninga, så hovudkonklusjonen er at det er godt gjort å laga ein så overspelt film med så statisk framført dialog.
Det druknar det som elles er ein relativt velprodusert, tidvis flott fotografert film med spektakulære landskapsscener. Ein hadde ikkje trunge eit mirakel for å gjera det betre, for å seia det slik.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Same tema
Tore Westre er lektor og har gått på Forfattarstudiet i Bø. No debuterer han som romanforfattar.
Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss
Så lada
Kjersti Elvik, Kristian Berg Jåtten, Jonatan Filip og Jon Ketil Johnsen i Arthur Millers stykke.
Foto: Den Nationale Scene
Når illusjonane drep