Musikk

Køyremusikk frå California

Cuco byr på ei tidlaus kjærleikshelsing til chicano-soul.

Du trur kanskje han står med ein gamal Toyota på Skei Servicesenter. Men dette er Cuco i L.A.
Publisert Sist oppdatert

Omgrepa «chicano» og «chicana» vert brukte om personar av meksikansk avstamming som er fødde i USA. Opphavleg hadde omgrepet ein nedsetjande klang, men under Chicano-rørsla på 1960-talet, også kjend som «El movimiento», vart det eit symbol på kulturell byrgskap og politisk medvit, i kontrast til meir assimilerande nemningar som «hispanic» eller «latino».

Ein tok omgrepet tilbake – gjorde det til sitt eige.

Instrumentalhiten «Sleep Walk» frå duoen Santo & Johnny hadde opphavleg lite med dette å gjere. I 1987-filmen La Bamba, som skildrar livet til chicanorockaren Ritchie Valens, nyttar regissøren likevel den drøymande steelgitarmelodien både i opninga og mot slutten, når radioen melder at hovudpersonen har omkome i ei flyulukke. Sjølve bruken er ein anakronisme: Låten kom nemleg ikkje ut før nærare eit halvt år etter at Valens hadde gått bort. Men kjensla av nostalgi og veldig tap har likevel knytt songen tett til chicano-identiteten.

Difor var det neppe tilfeldig at Omar Banos tolka «Sleep Walk» i 2017.

Melankolsk

18-åringen hadde nett fullført vidaregåande og gjorde fleire korte tolkingar av ulike songar han likte. Då californiaren la gitaren i fanget og spelte dei melankolske tonane til Santo & Johnny, gjekk han viralt på YouTube og fekk platekontrakt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement