Kulturkommentar
Gje ei lita eller maks middels oppleving til jul
Kor mange konsertar var du på i fjor? Statistisk sett var du på færre enn tidlegare. I alle fall ifølgje Kulturdirektoratet.
Publikum under ein AC/DC-konsert på Bjerke Travbane i Oslo i 2025. Gå heller på ein liten konsert i 2026, skriv Tor Martin Bøe.
Illustrasjonsfoto: Thomas Fure / NTB
«Kunst i tall» er den årlege rapporten til Kulturdirektoratet om inntektene i musikk-, litteratur-,
visuell kunst- og scenekunstbransjen i Noreg, kort sagt korleis det går med
kulturen her i landet. Føremålet er å peike på kjenneteikn ved dei ulike
kunstfelta og sjå korleis dei utviklar seg over tid.
Rapporten for 2024 som kom no midt i desember 2025, viser at inntektene i den norske kunstbransjen var høgare
i 2023 og 2024 enn i åra før pandemien. Samstundes melder fleire kunstfelt om
aukande kostnader, lågare inntening per sal og større uvisse knytt til
framtida.
For min del er det særleg
interessant å sjå på utviklinga i musikkbransjen. I reine tal er det eit bod om ei
stor glede.
Musikkbransjen hadde i 2024 sitt
nest beste omsetnadssår sidan målingane starta i 2012. Totalen låg berre så
vidt under 2022, eit uvanleg sterkt år etter pandemien, og frå 2023 til 2024
var veksten på 10 prosent. Samla omsetnad er berekna til rett under 7,2
milliardar kroner. Til samanlikning er det omtrent det Stavanger kommune fekk
inn i kommuneskatt i 2024.
Tala er ikkje heilt
samanliknbare, men hadde musikkbransjen vore ein kommune, hadde han altså vore
den tredje største i Noreg. Musikkbransjen er ikkje berre stor, han tener òg
mykje på konsertverksemd.
Eller rettare sagt – han tener
mest pengar på konsertar. Over halvparten av inntektene, 56 prosent, kjem frå
konsertar. Berre frå 2023 til 2024 auka desse inntektene med 17 prosent.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.