Kulturkommentar

På tampen av året er det på tide å hylle dei som står litt bak i musikken. Særleg ein av dei.

 

Gary Mounfield i Primal Scream.
Publisert

Ta to minutt og tenk etter. Kor mange bassistar kan du nemne på sitjande julerumpe? Og kor mange av dei har faktisk endra musikkhistoria, ikkje berre spelt i eit band, men flytta grenser for kva pop og rock kan vere?

Paul McCartney er eit naturleg svar. Han løfta bassen frå bakgrunnen og gjorde han melodiberande, kontrapunktisk og like viktig som vokalen. Den melodiske og framoverlente bassen i til dømes «Rain», «Penny Lane» og «Something» endra ikkje berre Beatles, men heile forståinga av kva eit poparrangement kunne vere. Det er jul, så såpass rause må me vere. 

Roger Waters er sjølvsagt òg eit namn. Kranglefanten som i ettertid har overskygd musikken med eigen person. Han som var den konseptuelle motoren i Pink Floyd då bandet var på sitt mest fokuserte. Som bassist og låtskrivar var han mindre oppteken av virtuositet og meir glad i struktur, retning og substans. Basslinjene hans er ofte enkle, men ufråvikelege. Dei held saman lange komposisjonar og gjev rom for dei store, eksistensielle forteljingane og etter kvart for murane bandet bygde.

Kanskje kjem Kim Deal opp. I Pixies var det ho som heldt spennet mellom stille og eksplosjon saman. Dei tilsynelatande enkle basslinjene gav struktur til kaoset, og røysta hennar var ein avgjerande del av bandet sin identitet. Red Hot Chili Peppers er vanskelege å tenkje seg utan Flea, der bassen ikkje berre er rytme, men energi, kropp og framdrift.

Men det er sjeldan ein bassist får setje eit slikt avtrykk i meir enn eitt band.

Gary Mounfield gjorde det.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement