Musikk
Libanesisk mangfald
Yara Asmar skaper ein heilskap mellom natur- og kulturlydar.
Yara Asmar spelte på Ekko-festivalen i Bergen i år.
Pressefoto
Det mangfaldige musikklivet i Libanon er prega av eit stort kulturelt mangfald. Og i periodar med krig og uro har mange musikarar levd i eksil og motteke sterke impulsar frå europeisk og amerikansk musikk. Difor er det ikkje underleg at landet har eit sterkt miljø for samtidsmusikk, og det er særleg improvisasjonsbaserte musikarar som utmerker seg.
Ein av artistane under årets Ekko-festival i Bergen var Yara Asmar, som bur vekselvis i Beirut og New York. Ho er i utgangspunktet trekkspelar, men kombinerer dei akustiske, stillferdige og melankolske klangane med elektronikk, gjerne basert på feltopptak med alt frå fuglesong via menneskestemmer (både tale og folkeleg song) til trafikkstøy og krigslydar. Dessutan nyttar ho ofte speledåsar, leikepiano og heimelaga eller ombygde instrument.
Den nye plata hennar er basert nett på desse elementa, og det er opptak av samtalar med besteforeldra hennar som er utgangspunktet. Det er noko kollasjaktig over dei elleve ganske korte spora, men likevel utgjer dette ein fin heilskap. For oss som ikkje skjønar språket, vert menneskerøystene som eit instrument, som saman med andre natur- og kulturlydar vert likeverdige med dei konvensjonelle musikkinstrumenta, og elektronikken.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.