Frå arkivet: Frå hand til munn

Nederlaget

Og det heile starta med sjokolademjølk.
  

Publisert




Saldo 18/8: 113,–

Sist veke fortalde eg om ei hyggjeleg oppdaging: Om ein berre passar på å ikkje bruke pengar i det heile teke, slepp ein òg bryet med stadig å ta seg arbeid. Men til slutt var det altså tomt for pengar. Heldigvis hadde eg eit ess i ermet: For ei tid sidan blei eg spurd om å kome på skulebesøk i to niandeklassar i mine heimtrakter, noko eg takka ja til for å bevise for kommunen kor lite blasert eg har blitt, trass i at eg har all muleg grunn til å vere det.

Og no er tida inne for å avsløre min vev av løgner: Grunna sviktande kommunikasjon mellom kontaktpersonen på skulen og underteikna greidde eg aldri å få formidla at dei måtte kjøpe flybillettane for meg. Då dagen nærma seg, var det for seint, og dermed såg eg ikkje andre løysingar enn å krype til kortet. Mine to så tilsynelatande uskyldige bankkort, som i to månadar har lege nedlåste i ein skrivebordsskuff hos ein nær venn, nemleg meg sjølv. (Ja då, ja då, eg veit eg skreiv at eg hadde late ein venn konfiskere korta mine, og på den måten kanskje svakt antyda at det var snakk om eit anna menneske.)

Eg låste opp skuffen og tok fram det eine kortet mitt og bestilte billettar. «Slik» – tenkte eg etterpå, og prøvde å reise meg for å leggje dei tilbake i skuffen. Men ein mellombels paralyse gjorde at eg blei sitjande, og ved eit uhell må dei ha falle ned i veska mi, for då eg seinare på dagen var ute og gjekk, skimta eg dei så vidt på veskebotnen.

På dette tidspunktet var eg på veg inn i ein butikk for å sikre meg nokre av mine faste varer – mjøl, tunfisk, lauk. Men i eit kjøleskåp blei eg merksam på ein kartong eg aldri før hadde sett. Han såg ut som eit smykke, der han stod mellom alle dei vanlege meierivarene: «Nyhet: Litago sjokolademelk med banansmak!» Sjokolademjølk med banansmak? Skal det vere mitt første impulskjøp? tenkte eg overraska. Det har eg då aldri hatt eit begjær etter. Men den banangule kua på kartongen smilte så vennleg mot meg, og eg kjende på meg at her var det snakk om predestinasjon.

Mitt første impulskjøp, etter to månadar med nokså streng askese, skulle ikkje vere ein dyr kjole, eit lekkert sengesett eller ei espressomaskin, men ei nyheit frå Tine Meierier: sjokolademjølk med banansmak.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement