Klima
Om ti-tolv år når bresmeltinga høgdepunktet
Dersom den globale oppvarminga ikkje blir bremsa drastisk, vil snart opptil 4000 isbrear forsvinne kvart år. For dei fire siste breane i Tyskland er truleg alt håp ute.
Turistar ser på Schneeferner-breen ved Tysklands høgste fjell, Zugspitze.
Foto: Matthias Schrader / AP / NTB
Når ein
isbre smeltar vekk, markerer dette eit vendepunkt for folk som bur i dalar og i
fjellområde. Med isdekka blir òg historier, tradisjonar og økonomiske modellar borte.
Vassavrenninga endrar seg, dyre- og planteartane, heile leveviset. Dette
forklarer kvifor folk held seremonielle gravferder for brear som har forsvunne,
anten det er på Island (for isbreen Okjökull) eller i Sveits (for Pizol-breen),
begge i 2019. Eller i Nepal for Yala-breen i år.
Dette er
ikkje lenger uvanlege hendingar: Verda over smeltar opptil 800 isbrear i året på grunn av klimaendringane. Og i midten av dette hundreåret kan
bresmeltinga stige til det tredobbelte eller endåtil det femdobbelte, ifølgje
ein studie i fagtidsskriftet Nature Climate Change. Mellom 2000 og 4000 brear kan
forsvinne kvart år, noko som svarer til talet på alle breane som finst i Alpane
i dag.
For å
skildre den framtidige bresmeltinga har glasiologar fram til no granska volumet
eller utbreiinga til breane.
Når forsvinn breane?
Glasiolog Lander Van Tricht og medarbeidarane hans ved ETH-Zürich, den tekniske
høgskulen i Zürich, har valt ei anna vinkling. Dei har rekna seg fram til kva for
eit år kvar av dei 200.000 breane i verda sannsynlegvis vil forsvinne.
– Når vi
tenkjer på bresmelting, ser vi føre oss bretunger som trekkjer seg tilbake,
seier Van Tricht.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.