Frå arkivet: Blekk og blod

Kvinna til hest

Ei krønike om Irak og familien al-Kubaisi.
  

Tante Zakia Krreiyem kunne ha vore denne beduinske kvinna, som levde om lag på same tid.
Publisert

Farbror Abdul Razzaq var eit godt menneske, men han var redd for å missa brørne sine, sa tante Zakia Krreiyem ein gong til meg. Ho levde dei siste dagane sine i Bagdad hjå son sin, for ho måtte støtt ha tilsyn frå lækjarane. Ho var meir enn hundre år gamal, men vaken og reflektert og med eit blikk som gjennomskoda folk.

Son hennar budde eit steinkast unna huset vårt. Mor mi sende mat til henne med jamne mellomrom. Ein gong eg leverte maten, bad ho meg om å sitja ned. Då byrja ho å fortelja meg minne frå gamle dagar. Eg var flittig med å samla dei uendelege historiene hennar i minnet mitt og kontrollera dei ved å fortelja dei vidare til far min.

Då ho fortalde historiene for meg, var ho hovudpersonen i dei. Men eg som voks opp i Bagdad, kunne ikkje tru at ei kvinne frå ein liten ørkenlandsby kunne ha ein så viktig posisjon i eit beduinsamfunn. Eg kunne ikkje tru at det rynkete andletet hadde vore ei vakker kvinne som folk var viljuge til å drepa for og at ho hadde vore ein ryttar som store menn bøygde seg for og som var som ei Hollywood-stjerne i Kubaisa.

Då far min tok meg med til Kubaisa-byen for fyrste gong for å syna meg røtene mine, vart eg overraska. Eg trudde at kvinna, som kvinnene i store byar som Bagdad, ikkje fekk spela ei rolle i samfunnet. Vi hadde fordomar mot landsbyfolk slik nordmenn har mot innvandrarar.

Men då eg vitja ein ven, og han ikkje var til stades, tok syster hans imot meg, gav meg te og sat og heldt meg med selskap heilt til venen min kom tilbake. Då forsvann ho. Som om hennar oppgåve var ferdig.

I Bagdad går kvinnene utan å dekkja til håret og føtene, men ein vil ikkje sleppa ein mann inn i huset om det ikkje er andre menn til stades. I Kubaisa såg eg kvinner med tildekt hår og kropp, men dei hadde høve og fridom til å tala med menn, diskutera og seia meininga si. Men alle kjenner sine tradisjonelle grenser.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement