Russland
Snø som plan B
Russarane treng ein ekstrajobb skal dei ha råd til kaviar.
Teikning: May Linn Clement
Det har ikkje skjedd stort den siste veka – iallfall ikkje noko som fortener ei heil spalte. Eg kan heller seie litt om korleis det går med meg: Eg har fått meg jobb som gatefeiar. Eg var inderleg lei av alt, og er det noko som klarnar hovudet, så er det enkelt, fysisk arbeid. Dessutan sat eg og nokre kollegaer og prata, endå ein gong, om kva vi skal gjere når det bli komplett umogleg å jobbe som journalist. Éin kollega sa at han vil jobbe i servicebransjen, ein annan har planar om å skrive bok, og ein tredje kjem til å forlate landet.
Sjølv vil eg truleg – dersom eg skulle få ein eller annan giftig status hengande over meg, eller publikasjonen eg jobbar i, blir lagd ned – få meg ein fysisk jobb. Ideelt sett skulle eg gjerne ha levd av å dyrke plantar, men for tida står den russiske desemberkulda i vegen.
Generelt har det blitt lettare enn nokon gong å få seg enkelt fysisk arbeid – mykje på grunn av terroråtaket på konserthuset Crocus i Krasnogorsk i mars 2024, der 150 menneske blei drepne. Terroråtaket er eit av dei største i moderne russisk historie, og merkeleg nok er det nesten borte frå det kollektive minnet berre eitt år seinare.
Saka er at styresmaktene fann ein syndebukk: Sidan terroristane hadde ein annan nasjonalitet, blei fleire russarar framandfiendtleg innstilte, og regjeringa sette i gang ein nærmast open kampanje mot innvandring, pluss at livet blei svært mykje vanskelegare for arbeidsinnvandrarar. Mange slapp ikkje lenger inn i landet, og dei som alt var her, fekk ikkje lenger arbeid i ei rekke sektorar.
Resultatet blei at halvtanna år etter angrepet stod Russland overfor stor mangel på arbeidskraft. Det er ingen igjen til å utføre alt det ufaglærte fysiske arbeidet: ingen gatefeiarar, ingen bygningsarbeidar, ingen varebilsjåførar.
Dermed har det blitt lettare enn lettast å få jobb som dagarbeidar eller gatefeiar. Alt ein treng, er arbeidslyst.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.