Kommentar
Hurtigruta – modernisering på norsk
Endå ein gong er det føreslått å redusere hurtigruta langs kysten. Denne politiske repetisjonsøvinga får ikkje tak på den moderniseringa av Noreg som hurtigrutene har stått for.
MS «Midnattsol» er pynta til jul.
Foto: Andrea Klaussner / Hurtigruten
I
jule- og nyttårshelga 2025 reiser om lag 6000 med Hurtigruten eller Kystruten
langs norskekysten mellom Kirkenes og Bergen. Svært få lugarar er ledige. Nokre
reiser frå ei hamn til ei anna, andre følgjer skipet eine vegen, og sæle er dei
som reiser tur-retur. Slike dagar er skipa mest ein del av den norske opplevingsindustrien.
Utan støtte frå staten forsvinn både
skip, norske sjøfolk og kunnskap om beredskap langs kysten. Så seint som i
oktober 2020 ville regjeringa Solberg at hurtigrutene berre skulle segle mellom
Bodø og Kirkenes. Søringar og innlendingar flest heva knapt kaffikoppen, men
det blei inga endring. I staden er det no innkalla til politisk
repetisjonsøving.
Avtalen
mellom ruteselskapa og staten går ut i 2030, Oslo Economics har rekna på røynda
og skissert fleire løysingar. Dei mest drastiske er at staten sluttar å kjøpe
tenester frå ruteselskapa etter 2030, å kutte ut strekninga Bodø–Bergen eller å
ta fleire av dei 34 hamnene ut av ruta. Framlegga er ute på høyring til 13.
januar 2026. Då bør dette bli ei sak som handlar om meir enn pengar.
Den
store tanken
Mellom
Bergen og Lofoten følgjer skipa den same leia som tørrfiskjektene stampa seg veg
til og frå handelsimperiet i sør i hundreår. Kva sjøferdsel langs kysten
faktisk har å seie i dagleglivet, er nok ikkje ei forståing som plagar folk
flest i dalstrøka bortanfor. Meir enn éin grensestengd sommar måtte til før ein
tok innover seg kor langt dette landet er, og kva det betyr.
Den vakraste sjøreisa i verda, heiter det
i reklamen. Store ord kan gjerast større. Hurtigruta er ein av dei store
tankane i norsk historie. Alt før staten brukte eit heilt statsbudsjett på å
byggje Bergensbanen, før Noreg var blitt ein stat med sams tid i heile landet, og
berre få år etter at det første kraftverket i landet var opna på Senja, gjekk Richard
With på tvers av gjengs meining om kva som var mogleg i kystleia vinterstid.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.