Bok

Klokt og nyansert

Heidi Marie Kriznik skriv med treff­sikker innleving i saman­sette sinn.

Heidi Marie Kriznik har fått fleire prisar for forfattarskapen sin. Kjelde: Foto: Espen Tollefsen
Publisert Sist oppdatert

Mellom 2002 og 2012 gav Heidi Marie Kriznik ut fire romanar på Forlaget Oktober. For debutromanen Applaus fekk ho Tarjei Vesaas’ debutantpris. I dei neste romanane stadfesta ho eit nyansert og sikkert grep om mellommenneskelege relasjonar med vekt på klasse, sosial bakgrunn og familiære forhold.

Så blei det stille, og det kan vel i hovudsak kome av at ho engasjerte seg i styre og stell i forfattarforeininga, mellom 2017 og 2023 som leiar. Med Bevisets stilling og andre noveller er ho tilbake på ein svært overtydande måte.

Det er tre noveller på pluss minus 100 sider kvar som både i lengd og form grensar opp mot romanen, men forfattar og forlag viser til novelle/langnovelle som sjølvstendig sjanger, og Kriznik plasserer seg i godt selskap med både Kjell Askildsen og Hans Herbjørnsrud, som begge dyrka den lange novella.

Tillit og mistillit

«Til å være en unge» er første novelle ut. Kristian fører ordet. Han har dottera Sara på fem år etter eit avslutta sambuarskap. Han jobbar i eit flyttebyrå saman med austeuropeiske kollegaer. Omgangstonen er direkte, udiplomatisk, maskulin og sjølvhevdande med ein inngrodd skepsis til autoritetar som barnevern og Nav, som han har gjort seg opp klare meiningar om etter å ha vore i kontakt med begge instansane.

Ein sommardag drar han, mora og dottera til Steinbruvann i Lillomarka for å bade og fiske. Dagen blir ikkje heilt som tenkt, og Kriznik skriv med eit lunt skråblikk på ein mann som har si eiga oppfatning av kva som passar seg og ikkje passar seg blant andre badegjester. Samtidig viser Kriznik med stor psykologisk innleving forholdet mellom mor og son og far og dotter i spennet mellom tillit og mistillit med ei grunnhaldning om «å få bort de som oppførte seg dårlig».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement