Intenst kammerspel
Tani Dibasey overtyder i ein skakande mental trekamp om livet og dei evige spørsmåla.
Tani Dibasey spelar hovudrolla.
Foto: Den Nationale Scene
Den Nationale Scene, Lille Scene
Per Olov Enquist:
Den 25. timen
Omsett av Toril Solvang
Regi: Petter Næss
Scenografi og kostyme: Åse Hegrenes
Komponist: Nils Petter Molvær
Den unge, namnlause hovudpersonen i dette stykket er ein psykiatrisk pasient som har drepe to menneske, stukke ned ein medpasient, drepe katten sin og prøvd å ta sitt eige liv. Men det Per Olov Enquists 35 år gamle drama djupast sett handlar om, er fundamentale og evige spørsmål som tryggleik, kjærleik, død og Guds eksistens. Og med kva rett einspora vitskap kan avvise intuitiv kunnskap og metafysisk innsikt. Er galskap berre galskap, eller finst det fornuft der ein stad? Saman med dette er det ei historie om kva utanforskap kan gjere med eit ungt sinn.
I cella til den «mentalt forstyrra» guten møtest psykologen som har gitt han ansvaret for ein katt i håp om at det skal føre til positiv personlegdomsforandring, og ein prest som ønskjer å forstå. Katteeksperimentet er blitt avbrote, guten har tatt livet av kjæledyret, som han trur er blitt til Gud – for at dei to skal kunne møtast att i huset guten alt har brent ned.
Den 25. timen er timen som ligg utanfor det som lèt seg kontrollere.
Det er uklart kvifor handlinga går føre seg i ein boks det ikkje alltid er så lett å sjå alt i. Kanskje for å skape avstand til den vonde historia?
I Petter Næss’ fine regi gjer Tani Dibasey ein svært overtydande innsats som den kjenslevare, openbert intelligente guten som har knytt seg til katten på eit vis ingen kunne føresjå. Gradvis forandrar han seg frå usympatisk til eit menneske som kallar på medkjensle og forståing.
Kamilla Grønli Hartvig er psykologen som må forsvare eksperimentet, medan Ragnhild M. Gudbrandsen lèt oss følgje prosessen som rokkar ved trua hennar og til sist driv henne ut av statskyrkja.
Jan H. Landro
Jan H. Landro er forfattar, journalist og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Barnelege og stipendiat Joel Selvakumar er kritisk til fleire artiklar Dag og Tid har publisert om seinfølger av covid-19.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Einsidig om seinfølger
Risikoen for seinfølger etter covid-19 har falle dramatisk, og det er ikkje grunn til å tru at han aukar med gjentatte infeksjonar
Katja Oskamp er fødd i Leipzig og voks opp i Berlin. Ho studerte teatervitskap og arbeidde som teaterregissør før ho vart forfattar.
Foto: Paula Winkler
«Oskamps aksept og varme smittar, og vi les med interesse om inngrodde neglar og hammartær.»
Ameline med den fyrstefødde, Symra, i 2018.
Foto: Svein Gjerdåker
Dag og Tid-kua Ameline er daud
Ein morgon i mars låg Ameline daud i fjøset til Hilde og Lars Selheim på Voss.
Kjønnsfilosof Judith Butler
Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB
Feltnotat frå kulturkrigane
Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt.
Klagemodus
Kor lite skal til for at eg seier frå eller klagar?