Musikk

Honning­-tider

Honungsvägen er ein gladtrist svensk overskotstrio for deg med nostalgisk underskot.

Fotografen trudde visst han skulle fotografere det norske bandet Building Instrument, så då blei det bygningsarbeid på svenske Honungvägen. Frå venstre: Daniel Berglund, Christina Karlsson og Henrik Oja.
Publisert Sist oppdatert

Den greitt overflatiske 2024-filmen om den svenske kvintetten Gyllene Tider, sjølvsagt heiter han Sommartider, skildrar popmusikk som noko nærast magisk forløysande, sjølve høvet til å sleppe fri frå kvardagen.

Det er ei heilt riktig skildring.

Spesielt for svensk popmusikk. Den er ofte, ja nesten alltid, kjenslevar og sommarleg. Sjølv når han pirkar i dei mindre ljose sidene av røynda med ironisk brodd.

Det siste er ei tilnærming til kvardagskavet som få har gjort like bra som Annika Norlin. 47-åringen har dei siste åra vorte meir kjend for forfattarskapen sin, men kan vise til fleire artistprosjekt på CV-en. Særleg duoen Säkert!, der ho saman med Henrik Oja laga musikk som var varmt vond og smerteleg vittig.

Heimstaddikting

Oja, som òg har tallause bandtilnærmingar i ryggsekken, ønskte å samle desse i eit slags livs- og kjærleiksprosjekt. Han tok heimstadsadressa si – Honungsvägen i Umeå – og gjorde heimstaden til eit band. Det vart sett saman av vener og kjenningar med like mangfaldig musikalsk bakgrunn som han sjølv. Inkludert Norlin – denne gongen berre som tekstforfattar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement